Fakta
Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen
31. januar 2023.


Om studiet
Utvikling av avanserte IT-løysingar føreset ofte datafaglege kunnskapar som er baserte på god matematisk forståing av metodane som vert nytta. Bachelorstudiet i informatikk: datavitskap gjev deg akkurat denne typen kunnskap.
Dei første semestra av studiet er retta mot å lære
dataprogrammering og grunnleggjande matematikk-kunnskapar.
Seinare semester gjev grunnlag for spesialisering innan ulike
retningar.
Studiet vektlegg fundamental kunnskap og krev god matematisk
bakgrunn og interesse. Sidan datateknologi er prega av raske
teknologiske omskiftingar, legg utdanninga opp til at studenten
tileignar seg fundamentale metodar som varer lengre enn
spesifikk, dagsaktuell teknologi. Du får også eit godt grunnlag
for å bli ein av dei som utviklar informasjonsteknologien vidare.
Gjennom studiet oppnår studentane ei brei fagleg kompetanse og praktisk røynsle, og ei god førebuing til vidare studiar på master- og doktornivå. Moglege retningar finn du under omtalane av masterstudia.