Fakta

Sted:
Universitetet i Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2023:
  • 52.20 (primær)
  • 56.50 (ordinær)
Studieplasser: 60
Søknadskode (SO): 184903

Informasjon er oppdatert av Universitetet i Bergen

31. januar 2023.

Om studiet

Et bachelorstudium i arbeids- og organisasjonspsykologi vil gi studenten inngåande innsikt i menneskelig samhandling og kommunikasjon i arbeidslivet og betydinga av gode og dårlige arbeidsmiljø for medarbeidars velvære og effektivitet og produktivitet i verksemda.

Fagleg innhald:

Bachelorprogrammet i arbeids- og organisasjonspsykologi er 3-årig (180 studiepoeng). Det skal innehalde inntil 30 studiepoeng innføringsemne, 120 studiepoeng med spesialisering (1 1/2 års studium) innanfor arbeids- og organisasjonspsykologi eller ein godkjend fagkombinasjon. Alle, eller delar av dei siste 30 studiepoenga, kan veljast frå andre fag. Eit fullført bachelorprogram fører fram til graden Bachelor i arbeids - og organisasjonspsykologi.

Studiet tek utgangspunkt i det faktum at arbeidslivet er ein av dei viktigaste arenaene for menneske i vår tid. Gjennom arbeid treff vi andre, realiserer og utviklar oss som menneske og skaffar oss eit materielt livsgrunnlag. I løpet av studiet vil du få eit grunnleggjande innsyn i korleis enkeltindivid reagerer og handlar i høve til ulike sider ved organisasjons- og arbeidsliv, og kva verkemiddel ein kan nytte for å utvikle individ, grupper og organisasjonar, og også kva ein kan gjere for å førebyggje og handtere problem som kan finne stad på arbeidsplassen.

Det vert lagt vekt på å formidle kunnskap om og forståing av sentrale temaområde slik som: organisasjonsteori, leiing, psykososiale arbeidsmiljøfaktorar, stress, meistring, utbrenning, jobbtrivsel, mobbing, konflikthandtering, organisasjonskultur, organisasjonslæring, omstillingar, rekruttering, turnover, jobbusikkerheit, arbeidsevne, mangfald, psykologiske kontraktar, karriereutvikling, sjukefråvere og helse i arbeidslivet.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i arbeids- og organisasjonspsykologi

Alle utdanninger innen