Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Studietempo
HeltidSøknadsfrist
20 april, kl 14:00Opptakskrav
GENS
Poenggrenser 2021
- 45.00 (primær)
- 53.50 (ordinær)
Studieplasser
25
Søknadskode (SO)
184162
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Årsstudiet i administrasjon og organisasjonsvitskap er eit eittårig studium som omfattar 60 studiepoeng fordelt på to semester.
Administrasjon og organisasjonsvitskap er eit spesialisert statsvitskapleg fag. Det er eit samanliknande studie av politikk, forvaltning og organisasjon. Fokus vert retta særleg på utforminga og iverksettinga av offentleg politikk, korleis innhaldet og organiseringa av denne politikken vert til, og kva slags konsekvensar dette har for verdifordelinga i samfunnet. Demokratiteoriar og teoriar om organisasjonar, forvaltning og offentleg politikk utgjer sentrale referanserammer for faget. I forhold til andre samfunnsvitskaplege fag er vi meir opptatt av samfunnet sin politiske organisering og styringsformer. Viktige tema er deira normative grunnlag, korleis dei vert utvikla og endra, og kva slags konsekvensar dette har.
Årsstudiet skal gi grunnleggjande forståing for sentrale tema innanfor statsvitskapen og lede fram til undervisningskompetanse i samfunnsfag i det offentlege skuleverket