Fakta

Sted:
NTNU VIDERE
Studietype:
Enkeltemne
Studieform: Samlingsbasert
Oppstart: 14. januar
Studiepoeng:
7.5
Søknadsfrist: 1. desember

Informasjon er oppdatert av NTNU Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet

.

Om studiet

Dette kurset vil gje deg forståing av prosessar som påverkar naturmangfaldet i eit fleirbrukslandskap. Teoretisk kunnskap og praktisk erfaring med geografiske informasjonssystem (GIS) og Natur i Norge (NiN) vil gje ei innføring i viktige verktøy for å kartlegga, analysera og dokumentera potensiell påverknad frå skogbruket på skogøkosystemet. 

Slik søker du?

Om du jobbar du for ei partnerverksemd skal du vende deg til kontaktpersonen i denne verksemda (sjå lista under). Du får da nærmare informasjon om korleis du skal søke. Søknadsfristen for tilsette hos partnarar er 20. november.

Kontaktpersonar hos partnerane: 

Om du ikkje jobbar hos ei av partnerverksemd skal du søkje via søkeknappen på denne nettsida. Søknadsfristen er da 1. desember.  


Skognæringa er ei naturbasert næring som baserer seg på fornybare ressursar. Likevel kan den ha stor påverknad på økosystem og naturmangfald. Sjølv om det i dag finst gode verktøy for å minimera negativ påverknad på natur og miljø frå skognæringa, har eit auka fokus på berekraftig bruk av naturressursar gjeve strengare krav til planlegging, gjennomføring og dokumentasjon av miljøpåverknad av utføring av skogsdrift. 

Kurset består av tre modular som alle vil gje deg nyttig kunnskap i arbeidet ditt med å drifta skog og planleggja hogst.

Modul 1: landskapsøkologi for skognæringa 

Du vil få ei innføring i korleis naturlege og menneskeskapte element i landskapet påverkar artar, biodiversitet og økosystem gjennom ulike økologiske prosessar slik som utdøying og etablering av lokale populasjonar. Hovudfokus vil vera på norske skogøkosystem. 

Modul 2: GIS for skognæringa

Modulen vil gje deg ei grunnleggande innføring i geografiske informasjonssystem. Viktige tema er importering og visualisering av data, kjennskap til kjelder og databasar med informasjon om norske skogøkosystem og grunnleggande analysar av geografiske data. Det vil verta lagt stor vekt på praktiske øvingar i modulen. 

Modulen består av tre delar (GLM ’er): 

  • GLM1 er om kartprojeksjonar og koordinatsystem
  • GLM2 er om representasjon
  • GLM3 er om grunnleggjande vektoranalytiske verktøy som Select, Buffer og Overlay.

Kvar del består av en teoretisk og en praktisk del.

Modul 3: NiN for skognæringa

Du vil få inngåande kjennskap til og praktisk erfaring med kartlegging av natur etter NiN-systemet, med fokus på naturtypar i skog. Eit viktig tema er korleis NiN og annan kartlegging av naturverdi, slik som MiS, utfyller eller overlappar kvarandre. 

Undervisningsopplegg

Studium med fysiske og digitale samlinger

Opptakskrav

Anbefalt forhåndskunnskap

Du bør ha naturvitskapleg utdanning eller realkompetanse som tilseier at du har noko kunnskap innen naturmangfold, kartlegging og arealplanlegging.