Fakta

Sted:
Stord
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Oppstart: 16. februar
Studiepoeng:
7.5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

30. mai 2022.

Om studiet

Arbeider du med kunst og håndverk i barnehage, skule, kulturskule og kulturlivet elles? I denne vidareutdanninga får du anledning til å utvikle deg i arbeid med handverk, visuelle uttrykksformer og digitale verktøy.

Som student får du lære om, og erfare kreative og estetiske læreprosessar. Det vert lagt til rette for å knyte innhaldet i studiet til ditt arbeid, anten du jobbar i barnehage, skule eller i kulturskulen. 

Undervisninga, som består av to samlingar og nettundervisning, vil vere knytt opp mot følgande tema:  

  • Frå teikning til animasjon 
  • Konstruksjon i naturmateriale

Du finn meir informasjon i emneplanen for KUN806 Visuell kunst, design og handverk.

Målgruppe

Pedagogar innan visuelle kunstfag, design og håndverk i skule, barnehage, kulturskule og frivillig kulturliv. 

Samlingar

  • 16.–18. februar 2022
  • 20.–22. april 2022

Vil du studere vidare?

Dette er eit av fleire frittståande emne som Institutt for kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet tilbyr. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Tilrådde forkunnskapar: Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfeltet