Fakta

Sted:
Stord
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Oppstart: 24. januar
Studiepoeng:
7.5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

30. mai 2022.

Om studiet

Arbeider du med musikk, drama eller kunst og håndverk i barnehage, skule, kulturskule og kulturlivet elles? Denne videreutdanninga gir deg erfaring med tverrfaglege arbeidsmåtar i desse faga.

Gjennom praktisk skapande arbeid, refleksjon og tekstproduksjon får du kunnskap om korleis du kan utvikle og gjennomføre samarbeid mellom kunstfaga, både i form av mindre prosjekt i undervisningskvardagen og i samband med større produksjonar. Metodikk og teori knytt til kreative, relasjonelle og estetiske prosessar, samhandling og gruppeleiing vil vera del av emnet.

Du får arbeide praktisk med og reflektere over tema som til dømes dramaturgi, scenografi, improvisasjon og komposisjon. Det vil vere moglegheit for å knytte arbeid i emnet opp mot eigen praksis.

Du finn meir informasjon i emneplanen for KUN801.

Målgruppe

Kulturskulelærarar og det frivillige kulturlivet. Emnet er også relevant for lærarar i grunnskule og barnehage.

Samlingsdatoar 

  • 24.–26. januar 2022
  • 21.–23. mars 2022

Vil du studere vidare?

Dette er eit av fleire frittståande emne som Institutt for kunstfag ved HVL tilbyr. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. 

Tilrådde forkunnskapar: Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfelt.