Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

30. mai 2022.

Om studiet

Tolking i offentleg sektor er eit deltidsstudium som går over eit år og består av to emne som fokuserer på profesjonskunnskap, yrkesetikk og tolking i praksis. Studiet er retta mot deg som ønsker å bli tolk, eller du som allereie jobbar som tolk, men manglar formell kompetanse/tolkeutdanning.

Studiet er eit samarbeid med Universitetet i Bergen, og skal førebu studentane på tolking av institusjonelle samtaler i norsk offentleg sektor.

Kva lærer du?

I løpet av studiet skal du tileigne deg grunnleggande kunnskap om tolkeprofesjonen og yrkesetiske aspekt ved tolkerolla. Du skal også tileigne deg kontekstuell kunnskap og kompetanse innan utvalde fagområde innanfor offentleg sektor og tilhøyrande terminologi både på norsk og på tolkespråket, samt ferdigheiter i tolketeknikk og tolkemetodar.

Studiet krev mykje praktisk språktrening og ein stor eigeninnsats mellom samlingane. Oppgåver vil bli gitt. Det er føresett aktivt bruk av tilvist materiale ved sjølvstudium.

For hausten 2022 kan du søkja opptak i desse språka:

  • Amharisk
  • Vietnamesisk
  • Tyrkisk
  • Polsk
  • Pashto
  • Kurmanji

Det er 30 studieplassar på studiet og det vil bli tatt opp studentar i dei fire språka med flest kvalifiserte søkarar.

Eit nett- og samlingsbasert studium 

Tolking i offentleg sektor er eit nett- og samlingsbasert studium med tre samlingar på campus per semester á to dagar. Samlingane vil foregå på HVL sin campus Bergen, på Kronstad. I tillegg til samlingane blir det åtte nettmøte haust og 10 nettmøte vår.

Tidspunkt for samlingar og nettundervisning 2022-2023

Det vil bli gjennomført samlingar i følgande veker hausten 2022: 35, 39 og 44. Våren 2023 blir det samlingar i vekene 2, 11 og 15.

Samlingane går over to dagar:
Fredag kl 11.15-17
Laurdag kl 09-15

Det vil bli nettundervisning (ein til to timar i tidsrommet mellom kl 18-20 på tirsdagar) i følgande veker:

36, 37, 38, 40, 42, 43, 44 og 45 på hausten, og i vekene 4, 5, 6, 7, 10, 12, 13, 16, 17 og 18 våren 2023.

Vurderingsformer

  • Emne 1 avsluttast med ein individuell skriftleg eksamen i slutten av haustsemesteret.
  • Emne 2 avsluttast med ein praktisk eksamen i slutten av vårsemesteret.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse

Opptaksinformasjon

Godkjent statsautorisasjon som tolk eller tilfredsstillande resultat på Tospråktesten.


Tospråktesten opnar for søking 1.februar, søknadsfrist 1.april. Prøvane blir gjennomførte i juni 2021. Søkjarar på arabisk vil få eit eige testtilbod via HVL og vil få meir informasjon om dette etter søknadsfristen. Alle andre søkjarar må sjølv sørge for å søkje om å ta Tospråktesten innan søknadsfristen.

Søkjarar som skal ta Tospråktesten i juni må notere dette i merknadsfeltet på søknaden.

Har du tatt testen tidlegare, kan du laste opp skjermbilde av resultatet frå Min Side Tospråktesten, og legge dokumentasjon ved i søknaden. I tillegg vil HVL innhente informasjon om bestått prøve frå OsloMet.

Nb! Den gamle ToSPoT-testen gjelder ikkje som opptaksgrunnlag. Spørsmål rundt denne testen kan rettes til tolkeregisteret@imdi.no

Karrieremuligheter

Kva blir du kvalifisert for?

Godkjent eksamen gir moglegheit til oppføring i kategori D i Nasjonalt tolkeregister.