Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Førde

Nivå

Høyere nivå

Studiepoeng

60

Semester

4

Studieform

Undervisning ved lærestedet

Studietempo

Deltid

Om studiet

Ønskjer du å styrke og vidareutvikle den faglege og personlege kompetansen din i arbeid med menneske med psykiske lidingar og psykososiale vanskar? Då er dette ei aktuell vidareutdanning for deg. Utdanninga er tverrfagleg, og er på masternivå.

Vi har ikkje planar om å ta opp nye studentar på dette studieprogrammet i 2021. Neste planlagte studiestart er hausten 2022.

Vi har eit særleg fokus på meistring og helsefremming med utgangspunkt i samarbeid med brukarar og personar i nettverket.

Du lærar om:

  • fagleg grunnlag for psykisk helsearbeid og rusproblematikk
  • organisering av tenesta på individ- og systemnivå
  • kommunikasjon, samarbeid, konflikthandtering og konfliktløysing
  • krevjande livserfaringar og psykiske lidingar i eit livsløpsperspektiv
  • vitskapsteori, metode og etikk

Er du tilsett i ein kommune? Då kan arbeidsgivaren din søke Fylkesmannen om kompetanse- og innovasjonstilskot.  

Undervisningsopplegg

Du skal delta i grupperettleiing, og gjennomføre ein praksisperiode på 270 timar. Vi nyttar praksisplassar innan psykisk helsevern i spesialisthelsetenesta, psykisk helsearbeid i den kommunale helse- og sosialtenesta, familiekontor og poliklinikkar, der samhandlingskompetanse på tvers av etatar og forvaltningsnivå blir vektlagd.

Gjennom rettleiing i praksis skal du ha fagleg delansvar for den planlagde terapeutiske kontakten med pasient/brukar og familie.

Opptaksinformasjon

15. april 2020

Læringsutbytte

Etter fullført utdanning har/kan kandidaten:

Kunnskap

  • avansert kunnskap om faktorar som fremmer helse og reduserer risikoen for psykiske lidingar
  • avansert kunnskap om ulike symptom og uttrykk ved ulike psykiske lidingar
  • inngåande kunnskap om betydinga av eit samanhengande og heilskapleg tilbod til enkeltmenneske, familien, nettverket og samfunnet  ved psykisk liding
  • avansert kunnskap om ulike perspektiv på psykisk helse, rusproblematikk og psykisk liding,
  • avansert kunnskap om kommunikasjons- og samhandlingsprosessar
  • inngåande kunnskap i vitskapsteori, og forskingsprosessar generelt og relatert til feltet psykisk helsearbeid spesielt

Ferdigheiter

  • gje hjelp til menneske med ulike grader av psykiske helseproblem og lidingar og deira pårørande med utgangspunkt i deira ressursar, ønske og behov
  • nytte kunnskap om og tilby berande relasjonar til menneske med psykiske helseproblem 
  • analysere korleis ulike perspektiv får konsekvensar for behandling og organisering av tenestetilbodet.
  • sjølvstendig argumentere for og nytte kunnskapsbaserte metodar/intervensjonar til menneske med psykisk liding og samansette problem
  • intervenere med bakgrunn i anerkjente metodar i psykisk helsearbeid
  • bidra til forpliktande samarbeid med andre på tvers av faggrupper og etatar
  • nytte anerkjent kunnskap om ulike psykiske lidingar og behandling  på ein sjølvstendig måte

Generell kompetanse

  • analysere og kritisk vurdere psykisk helse og psykisk liding relatert til ulike kulturelle, eksistensielle og åndelege forhold
  • sjølvstendig analysere faglege og etiske problemstillingar innan fagområdet
  • bidra til nytenking og innovasjon innan psykisk helsearbeid, og kan dokumentere og formidle behov for psykiske helseteneste 
  • reflektere kritisk over eigen profesjonelle kompetanse og utvikling 

Kompetanse / formell grad

Vidareutdanning i psykisk helsearbeid utgjer 60 studiepoeng og kvalifiserer for arbeid med menneske som har psykiske problem/ lidingar i den kommunale helse- og sosialtenesta og spesialisthelsetenesta.

Videre studier

Du kan bygge på vidareutdanninga med master i psykisk helse- og rusarbeid på campus Bergen. Du søkjer opptak og innpass på mastergradstudiet. Du vil då få godskrive første del (60 studiepoeng) av mastergradstudiet.

Studiet kan også etter søknad gå inn som valfritt emne og gi avkorting av andre relevante masterstudium.

Karrieremuligheter

Du kan jobbe blant anna som:

  • Psykisk helsearbeidar i psykisk helseteneste i kommunar, NAV og barnevern
  • Ved ulike avdelingar i spesialisthelsetenesta, poliklinikk, lærings- og meistringssenter

Kvalifikasjon/tittel

Fullført årsstudium