Praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag favoritt ikon

Universitet og høgskole
Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er ei lærarutdanning for deg som treng pedagogisk kompetanse for å kunne undervise i eit fag du allereie har utdanning i. PPU for yrkesfag er for deg som har yrkesfagleg utdanning, enten i form av eit fag-/ svennebrev eller ei profesjonsutdanning frå høgskule eller universitet, og relevant arbeidserfaring.

Studienivå

Årsstudium

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Studiepoeng

60

Semester

4

Om studiet

Studiet er ramma inn av eit kunnskapssyn der profesjonskompetanse er definert som ein konstruksjon av fleire ulike kunnskapsformer. Det består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng yrkesdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet 

For å kunne ta eksamen, må du ha minimum 80 % frammøte i begge emna. 

2020-kullet kan velje mellom desse fagprofilane:

  • Bygg- og anleggsteknikk
  • Elektrofag
  • Helse- og oppvekstfag
  • Naturbruk
  • Restaurant- og matfag
  • Teknikk- og industriell produksjon
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon
  • Salg, service og reiseliv
  • Frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign
  • Håndverk, design og produktutvikling

Profilar med ledig kapasitet vil vere mogleg å søke på etter 1. mars.

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium og gir deg som framtidig faglærar nødvendig startkompetanse. Gjennom ei forskande tilnærming til lærestoffet, tileignar du deg viktige ferdigheiter, erfaringar og kunnskapar.

Utdanninga følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningslinjer. Nærmare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden.

Undervisningsopplegg

Studiet er samlings- og nettbasert.

Tar du utdanninga i Bergen, kan undervisning bli lagt til laurdagar. 

Tar du utdanninga i Sogndal, blir det samlingar for onsdag-fredag i veke 35, 42, 48 hausten 2020, og veke 2, 6 og 11 våren 2021.

Tar du utdanninga på Stord, blir det samlingar for førsteårsstudentar onsdag-fredag i veke 35, 40, 46 hausten 2020, og veke 3, 9 og 16 våren 2021. Nærmare informasjon om tidspunkt for samlingar, arbeidskrav m.m. blir gitt i emneplan og studiehefte.

Utdanninga er forskingsbasert, og du tileignar deg grunnleggjande kunnskap og ferdigheiter knytt til utøvinga av læraryrket. Yrkesfaga i din eigen fagbakgrunn skal saman med pedagogikk, yrkespedagogikk, yrkesdidaktikk og praksis, gi deg ei heilskapleg og profesjonsretta lærarutdanning.

Vi har varierte og studentaktive arbeidsformer. Kva arbeidsformer som blir brukt er avhengig av kva tema vi arbeider med. Nærmare presisering kjem i emneplan og studiehefte.

Informasjon om opptak

1. mars 2020

Karrierevegar

Utdanninga kvalifiserer og sertifiserer for arbeid som lærar på ungdomstrinnet og i fag- og yrkesopplæringa i vidaregåande opplæring (trinn 8-13). Den kan også vere nyttig i forhold til leiing av opplæringsaktivitetar i bedrifter og i tilknyting til vaksenopplæring.

Kvalifikasjon/tittel

Praktisk pedagogisk utdanning

Tilbys ved:

  • Bergen
  • Sogndal
  • Stord