Praktisk-pedagogisk utdanning for allmennfaglærarar favoritt ikon

Universitet og høgskole
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag er for deg som har ei masterutdanning som inneheld minimum 60 studiepoeng innanfor eit skulefag.

Studienivå

Årsstudium

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Studiepoeng

60

Semester

4

Om studiet

Du kan ta utdanninga enten som heiltids eller deltidsstudium. Deltidsstudiet er samlingsbasert og vert tilbydt på Stord hausten 2019. Heiltidstudiet er lagt til Sogndal.

Studiet knyter teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium, og gi framtidige faglærarar naudsynt startkompetanse. Studieprogrammet er ramma inn av eit kunnskapssyn der profesjonskompetanse er definert som ein konstruksjon av fleire ulike kunnskapsformer.

Studiet består av 30 studiepoeng pedagogikk og 30 studiepoeng fagdidaktikk. Desse er fordelt likt i to emne:

  • Leiing av læreprosessar
  • Skulen i samfunnet

For å kunne ta eksamen, må du ha minimum 80 % frammøte i begge emna.

Studieprogrammet følgjer dei læringsutbytta som til ei kvar tid er gjeldande i rammeplan og nasjonale retningsliner. Nærare omtale av studiet og progresjon ligg i emneplanane til studiet og i studiehefte frå den enkelte studiestaden. Studieheftet vert gjort tilgjengeleg våren 2019.

Undervisningsopplegg

Praksisoplæringa har eit omfang på 60 heile arbeidsdagar, der du får praktisk erfaring med læringsteoriar og pedagogiske fenomen som vert handsama i dei to teoretiske emna i studiet. Slik legg studiet til rette for at dei pedagogiske, fagdidaktiske og praktiske elementa gjensidig kan utfylle kvarandre i kvalifiseringa til læraryrket.  

Praksisopplæringa består av alle dei aktivitetane som inngår i ein lærars arbeidskvardag og er omtala i emneplanane for praksis. Praksis skal vere rettleia, og du vil få praksisbesøk der både praksisrettleiar og lærar frå HVL deltek.

Du kan ta halvdelen av praksis ved eigen arbeidsplass.

Opptakskrav

Eitt av punkta:

  • Mastergrad som inneheld minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise, jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova kapittel 14 og fordjupninga må vere på 60 studiepoeng.
  • Bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag med minimum 180 studiepoeng i kunstfaget.
  • Bachelorgrad i idrettsfag med minimum 180 studiepoeng i faget.

Frå og med 2019 vert det krav om mastergrad for opptak til PPU jf.rammeplan for PPU<span style="font-family:'Times New Roman';"> fastsatt av Kunnskapsdepartementet.

Det er gjort unntak for kravet om mastergrad for søkjarar med bachelorgrad i utøvande eller skapande kunstfag samt søkjarar med bachelorgrad i idrettsfag. Utfyllande retningslinjer kjem før opptaket i 2019.

Du kan ha ein samansett mastergrad, men for å ha undervisningskompetanse i ungdomsskulen eller vidaregåande må du ha 60 av studiepoenga innanfor same fagområde. Har du praktiske og estetiske fag i fagkrinsen din, held det med ein bachelor i faget for å få opptak til utdanninga. Er du i tvil om nettopp di utdanning støttar kravet, kan du ta kontakt med opptakskontoret vårt.

Ofte stilte spørsmål om opptak til PPU

Informasjon om opptak

1. mars

Karrierevegar

Utdanninga gir undervisningskompetanse frå 5. trinn i grunnskulen, i vidaregåande skule, vaksenopplæring og høgskule, avhengig av kva fag og fagkompetanse du har i botn.

Kvalifikasjon/tittel

Praktisk-pedagogisk utdanning

Tilbys ved:

  • Sogndal
  • Stord