Fakta

Sted:
Førde
Haugesund
Bergen
Stord
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Oppstart: 30. august
Studiepoeng:
10

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

30. mai 2022.

Om studiet

I dette studiet får du kunnskap og erfaring i rettleiing, fortrinnsvis knytt til praksis i helse- og sosialfagutdanningane.

Studiet gir innsikt i rettleiingspedagogikk, studentaktive læringsformer og rettleiing innan eige fagområde og på tvers av profesjonar.

Utdanninga er tverrfagleg med teoretisk og praktisk innføring i rettleiingsteori, prinsipp og metodar. Rettleiingskompetansen er tilrådd ved studentrettleiing. Det er òg viktig å kunne gje tilbod om rettleiing når ein skal rekruttere nye arbeidstakarar.

Korleis er undervisninga?

Førelesingar, øvingar, gruppearbeid og sjølvstudium. Det er obligatorisk deltaking på samlingane.

Samlingar hausten 2022 (kan kome endringar):

30. august -  Campus (Førde, Bergen, Stord, Haugesund)
20. september - Digital
4. oktober - Digital
18. oktober - Campus (Førde, Bergen, Stord, Haugesund)
8. november - Digital

Heimeeksamen, innlevering 2.12. kl. 14.

Du finn meir informasjon i emneplanen FHS8201 Pedagogisk rettleiing - innføring.

Opptakskrav

Bachelorgrad i helse- og sosialfag.

Søkjarar med anna relevant utdanning kan bli vurdert for opptak.

Søknadskode: 1554, 1701, 1630, 1629