Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Studietempo
HeltidOpptakskrav
GENS
Poenggrenser 2020
- 33.60 (primær)
- 34.50 (ordinær)
Studieplasser
30
Søknadskode (SO)
203526
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Med bachelor i økonomi og jus får du ei brei og yrkesretta utdanning som kan brukast innanfor arbeidsfelta saksbehandling, rådgiving, leiing og økonomisk styring. Du får ein etterspurd og unik kompetanse innan økonomi og jus.
Studiet er sett saman av emne frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda, i tillegg til grunnleggande juridiske emne.
Du lærer om
- korleis du tolkar og brukar lovreglar inn i konkrete problemstillingar
- rettsreglar på rettsområde som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett
- bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi og marknadsføring
- leiing og strategi
Det første året utgjer jus årsstudium. Med fullført årsstudium
kan du søke opptak direkte til 2. år. Du søker gjennom vår Søknadsweb.
Undervisningsmåtar
Vi har forelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver og munnlege presentasjonar. Vi koblar teori og praksis gjennom arbeid med relevante problemstillingar.
Opptaksinformasjon
15. april
Videre studier
Du kan bygge på utdanninga med ei masterutdanning ved ulike høgskular og universitet.
Karrieremuligheter
- Rådgivings- og spesialistoppgåver knytt til økonomi og administrasjon innan privat næringsliv, offentleg sektor og ulike organisasjonar.
- Du kan også jobbe som saksbehandlar i offentleg sektor, og i andre stillingar som etterspør juridisk kompetanse.