Norsk 2, 5 - 10 trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Norsk 2, trinn 5-10 er ei samlingsbasert vidareutdanning innan Utdanningsdirektoratet si satsing Kompetanse for kvalitet. Norsk 2 byggjer på Norsk 1 for grunnskulelærar 5-10, og høver for dei som skal undervise på 5. -10. trinn. Utdanning er delt i to emne på 15 studiepoeng. Emne A går hausten 2018, og emne B går våren 2019.

Studienivå

Lavere nivå

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Studentane arbeider med faglege og didaktiske oppgåver knytt til fagstoffet mellom samlingane. Kommunikasjon og aktivitet mellom samlingane går føre seg digitalt. Ein sentral del av arbeidet vil vera knytt til eigen undervisningspraksis/eigne praksiserfaringar. Nynorsk og bokmål er sidestilte målformer i studiet.

Arbeidsformer er førelesningar, individuelt arbeid, bruk av øvingsrom, gruppearbeid og drøftingar.

Obligatoriske munnlege og skriftlege arbeidskrav. Ein del av oppgåvene vil medføra utprøving og/eller refleksjon over eigen praksis og at studenten bidrar i skulen sitt utviklingsarbeid.

Undervisningsopplegg

Etter lov Forskrift til opplæringslova § 14-2 (2006) må ein lærar ha 60 studiepoeng norsk for å undervise i faget på ungdomssteget. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra, og det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin på området lesing og skriving. Norsk 2 set studentane i stand til å møte desse krava og fører studentane fram mot ein tilstrekkeleg kompetanse for å undervise på ungdomssteget.

Emne Norsk 2A dreier seg om tale og skrift, utviklinga frå ein munnleg til ein skriftleg tekstkultur, og skule- og faghistorie. Sentralt i studiet er samanhengen mellom språk og tekst i fortid og samtid. Studentane skal få utvida, forskingsbasert innsikt i korleis språket har utvikla seg og framleis utviklar seg. Det blir lagt vekt på litteraturteori, teksthistorie og barnelitteraturhistorie. To didaktiske hovudområde er munnleg kommunikasjon og den vidare leseopplæringa. Kulturomgrepet står sentralt, og arbeidet med tekstar har som siktemål å oppøva analytisk og kritisk lesing. Det blir lagt vekt på praktisk arbeid med og utprøving av metodar i leseopplæring. Studentane får også arbeida med eit sjølvvalt språkleg eller litterært særpensum knytt til faglege og didaktiske problemstillingar.

Emne Norsk 2B dreier seg om eit utvida tekstomgrep og om språkleg kommunikasjon i ulike medium og i ulike former. Dialektar, sosiolingvistikk og norsk som andrespråk er sentrale språklege emne. Det blir lagt vekt på teori om sakprosa, fagbøker og digitale multimodale tekstar og om moderne skjønnlitteratur. Studentane skal også få utvida forskingsbasert innsikt i fagdidaktiske spørsmål, særleg innan den vidare skriveopplæringa med vekt på argumenterande tekstar, og dei norskfaglege grunnleggjande ferdigheitene. Det blir lagt vekt på praktisk arbeid med og utprøving av metodar i skriveopplæring.

 

Vurdering emne 1:
heimeeksamen bokmål, 50 %
prosjektoppgåve, valfri målform, 50 %.

 

Vurdering emne 2:
heimeeksamen nynorsk, 50 %
munnleg eksamen, 50 %.

Karakter A - F.

Dato for samlingar med atterhald:

29.august kl. 10.00 - 16.00

30.august kl. 09.00 - 16.00

31.august kl. 09.00 - 14.00

 

24.oktober kl. 10.00 - 16.00

25.oktober kl. 09.00 - 16.00

26.oktober kl. 09.00 - 14.00

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Deltakarane må ha minst 30 sp i norsk frå før.

Informasjon om opptak

15. april 2018

Tilbys ved:

  • Stord