Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidOpptakskrav
GENS
Poenggrenser 2020
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Studieplasser
20
Søknadskode (SO)
203667
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Eit årsstudium i musikk er ein mulighet for utvikling av di musikkinteresse, uansett kva musikalsk bakgrunn du har. Du får mellom anna undervisning og eigenutvikling på eit sjølvvalt hovudinstrument, mulighet til å utvikle deg i samspel, musikkformidling og skapande arbeid.
Årsstudiet i musikk inneheld også innføring i teoretiske sider ved faget. Eit årsstudium i musikk passar for deg som ynskjer å få eit ekstra undervisningsfag i grunnskulen. Studiet inneheld difor musikkdidaktikk og arbeidsmåtar som er aktuelle for grunnskule og andre musikkarenaer for barn og unge.
Du lærer:
- å legge til rette for musikkaktivitetar med barn og unge
- om ulike musikksjangrar
- om samspel, komponering og arrangering
- om lytting, musikkhistorie og musikkteori
- fagdidaktikk retta mot grunnskulen
Du får individuell undervisning i hovudinstrumentet ditt gjennom heile året, og får utfalde deg i studio, konsertsal og gode øvingsrom på campus.
Undervisningsopplegg
I eit svært godt utstyrt bygg nær studentheimane arbeider og øver vi både individuelt og i grupper. Undervisninga varierer mellom forelesingar, praktisk arbeid, seminar, indiviuelt arbeid, gruppearbeid og ekskursjonar.
Noko av undervisinga er organisert som prosjekt og tverrfaglege tema. Du får vere aktiv i framføringar og konsertar, samt studietur både haust (Ole Bull Akademiet) og vår (ulikt kvart år).
Opptaksinformasjon
15. april
Videre studier
Årsstudiet i musikk kan gjelde som eit fjerde år i gamal ordning for grunnskulelærarutdanning og som første år i faglærarutdanninga i musikk på HVL. På faglærarutdanning må ein i tillegg avlegge ein oppt
Karrieremuligheter
Med musikkutdanning får du ein ettertrakta kompetanse som kan bli brukt i barne- og ungdomsskulen, i arbeid i det frivillige musikklivet eller i musikkprosjekt av ulike slag. Saman med lærarutdanning eller praktisk pedagogisk utdanning (PPU) gjev årsstudiet undervisningskompetanse i musikk.