Matematikk 3 favoritt ikon

Universitet og høgskole
Denne vidareutdanninga bygger på Matematikk 1 i allmennlærar-/ grunnskulelærarutdanninga, og er på masternivå.

Studienivå

Høyere nivå

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Du fordjupar deg innan matematikkdidaktikk, med vekt på kjenneteikn og utfordringar ved læring og undervisning i matematikk, og emne som står sentralt i rein og anvendt matematikk.

Du lærer

  • å bruke ulike metodar for matematiske bevis til å generalisere matematiske samanhengar
  • om forsking innanfor læring og undervisning i matematikk
  • å arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
  • å analysere, reflektere over og grunngi korleis du som lærar kan påverke læringsmiljøet og motivasjon for matematikk gjennom val av undervisnings- og arbeidsformer
  • å analysere og kommunisere om matematikkdidaktiske og matematikkfaglege problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • å kommunisere om læring og undervisning innanfor matematikk, både på eit formelt og uformelt nivå

Dette blir konkretisert gjennom arbeid med seks tema: Talteori, statistikk, geometri, undervisnings- og arbeidsformer i matematikk og problemløysing.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, oppgåvearbeid, diskusjonar, studentpresentasjonar, gruppearbeid og undervisning i grupper med ikt som hjelpemiddel. Studiet er samlingsbasert, med 4-5 samlingar per semester.

Mellom samlingane vil kommunikasjonen foregå gjennom læringsplattformen Canvas og nettkonferanseverktøyet Adobe Connect.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning).

Tilleggskrav: Matematikk 1 eller tilsvarande.

Informasjon om opptak

15. april

Tilbys ved:

  • Sogndal