Matematikk 2, 5.-10. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Denne vidareutdanninga rettar seg mot deg som underviser i matematikk på 5. til 10. trinn i grunnskulen, og er ei fordjuping av emna frå Matematikk 1.

Studienivå

Lavere nivå

Organisering

  • Desentralisert

Studiepoeng

30

Semester

2

Om studiet

Vidareutdanninga er eit regionalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Før du kan søke på studiet må du avklare med rektoren din om du kan delta.

 

Gjennom studiet får du

  • undervisningskunnskap i tallære og geometri
  • påbygging i algebra, funksjonslære og statistikk
  • undervisnings- og arbeidsformer i matematikk, problemløysing og bevis

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Gjennom studiet skal du skrive 9 arbeidskrav. Arbeidskrava skal utførast i grupper, men du treng ikkje tilhøyra ei gruppe når du søker.

Studiet er samlingsbasert og delvis nettbasert.

Vi brukar nettkonferanseverktøyet Adobe Connect til nettsamlingar og kommunikasjon mellom student og faglærar, og læringsplattformen Fronter.

Krav til utstyr og programvare

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/ førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling. Du må også ha fullført Matematikk 1 eller tilsvarande.

Informasjon om opptak

1. mars 2017.

Tilbys ved:

  • Bergen