Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Studietempo
DeltidOm studiet
Ønskjer du ei leiar- eller administrasjonsstilling innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren? Master i organisasjon og leiing er ei yrkesnær leiarutdanning.
Ut frå utdanningsbakgrunnen din vel du spesialisering innan helse- og velferdsleiing eller utdanningsleiing.
Du lærer
- å forstå skiftande og komplekse utfordringar slik dei framstår i gjennomorganiserte samfunn
- korleis internasjonale og nasjonale, politiske føringar påverkar helse- og velferdsinstitusjonar
- korleis endringar i offentleg sektor blir sett i verk gjennom reformer, og korleis dette skapar særskilde kontekstar for utøving av leiing
- å bruke vitskaplege metodar på bruksretta problemstillingar innan sektoren
I masteroppgåva di tar du utgangspunkt i ei problemstilling knytt til eit arbeidsområde du har erfaring med. Du får individuell rettleiing i arbeidet med oppgåva.
Spesialisering helse- og velferdsleiing
Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av forbetringsarbeid i grunneiningar, helse- og velferdspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.
Spesialisering utdanningsleiing
Du har emne som styring, omstilling og leiing i offentlege organisasjonar, leiing av pedagogisk verksemd, utdanningspolitikk, jus, økonomiforvaltning, forskingsstrategiar og metode.
Studiet har opptak annakvart år i Sogn og Fjordane og
Haugesund, og annakvart år i Bergen. Hausten 2021 er det oppstart
i Førde og Haugesund.
Undervisningsmåtar
Vi har forelesingar, casedrøftingar, øvingar, prosjektseminar og skriftlege oppgåver.
Studiet er samlingsbasert, med rundt fem samlingar á to dagar i kvart semester. Samlingane dei to første åra blir hovudsakleg lagt til fredag ettermiddag og laurdag. Dei to neste åra er samlingane lagt til vekedagar.
Opptaksinformasjon
1. mars
Karrieremuligheter
- leiarstillingar innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren
- administrative stillingar som krev kunnskap om handtering av saker knytt til institusjonar innan feltet, og/eller offentleg kontroll-, tilsyns- og forvaltningsansvar for slike institusjonar
- sjølvstendige stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande innan helse- og velferdssektoren eller utdanningssektoren