Masterprogram i havteknologi favoritt ikon

Universitet og høgskole
Dette masterprogrammet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Universitetet i Bergen (UiB), og har to studieretningar: marine installasjonar og marin måle- og styringsteknologi.

Studienivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Det marine miljø er verken ferdig utforska eller kartlagt. Det trengs god måle- og styringsteknologi, samt marine installasjonar for å gjere jobben. Framfor oss ligg det utfordingar innan mellom anna overvaking av havstrømmar og havbruksnæringa, utnytting av fornybare energikjelder offshore og utforsking av nye mineral- og bio-ressursar i djuphava.

For deg som er utdanna ingeniør gir studiet ein brei kompetanse innan sentrale tema i havteknologi med spesiell fokus på marin måle- og styringsteknologi samt marine installasjonar. Programmet er bygd opp slik at du skal utvikle evna til å forstå noverande og kunne vidareutvikle framtidig havteknologi. Både teoretiske og praktiske emne inngår i utdanninga. Arbeidsforma er førelesningar, kollokvia, laboratoriearbeid, samt eit rettleia forskingsprosjekt i form av ei ettårig masteroppgåve. Du vil få god kjennskap til vitskaplege arbeidsmåtar, og få trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver.

Studiet er sett saman av emne/kurs og ei masteroppgåve. Tre av emna (30 studiepoeng) er obligatorisk innan studieretninga.

Universitetet i Bergen er ansvarleg for opptak til studiet og tildeler mastergraden. For meir informasjon, sjå studiet si nettside på UiB.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Ei utdanning i havteknologi kvalifiserer til arbeid hos bedrifter, selskap og forskingsinstitusjonar innan marin og maritim næringsverksemd og forsking. Den store og breie aktiviteten innan havteknologi på Vestlandet og langs Vestlandskysten vil ha behov for mange formar for kompetanse innan havteknologi i overskodeleg framtid. Kandidatar frå studiet vil kunne gå inn i ei rekkje ulike teknologiske jobbar som for eksempel innanfor havbruk, fiskeri, olje- og gass, miljøovervaking, utforsking av marine mineralressursar, forsking m.m.

 

Studieprogrammet legg eit godt fundament for vidare ph.d.-studiar innan spesialiseringane akustikk, optikk og konstruksjon, samt drift og vedlikehald.

Tilbys ved:

  • Bergen