Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
DeltidOm studiet
Ønskjer du å vidareutvikle den spesialpedagogiske kompetansen din? Gjennom master i spesialpedagogikk tileignar du deg yrkesretta kunnskap om spesialpedagogikk som profesjonsfag og forskingsfelt. Studiet har både eit livsløpsperspektiv og eit forebyggande perspektiv.
Vi tar ikkje opp nye studentar i 2021.
Du lærer om:
- lese- og skrivevanskar, språkvanskar og psykososiale vanskar for brukarar i ulike aldrar
- ulike kartleggingsverktøy
- grunnleggande rettleiingsmetodar
- vitskapsteori og metode
Studiet er delt inn i fire emneområde:
- Spesifikke lærevanskar
- Rettleiing
- Vitskapsteori og metode
- Masteroppgåve med fordjupning i eit sjølvvalt tema knytt til fagområdet spesialpedagogikk
I dei to første emna har du til saman 20 dagar feltarbeid. Dette kan foregå ved barnehagar og skular som HVL har samarbeidsavtale med, andre relevante institusjonar eller eigen arbeidsplass.
Undervisningsopplegg
Vi har forelesingar, seminar, gruppearbeid, felt- og casearbeid, skriftleg refleksjon og analyse og presentasjon av eige arbeid. Det blir lagt stor vekt på arbeidskrav, som du jobbar med mellom samlingane.
Studiet er samlingsbasert, med tre samlingar à fire dagar per semester. Det er obligatorisk frammøte gjennom studiet.
Opptaksinformasjon
- Det blir ikkje opptak hausten 2021
Karrieremuligheter
Du blir godt kvalifisert for arbeid i heile utdanningssystemet, inkludert PPT-tenesta og Statpedsystemet.