Master i samhandling og folkehelse favoritt ikon

Universitet og høgskole
Denne masterutdanninga gjer deg rusta til å tilrettelegge og koordinere helse- og sosialtenester for menneske med behov for langvarig og samansette tenester.

Studienivå

Master, 2 år

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Studiepoeng

120

Semester

8

Om studiet

Du kan til dømes jobbe med personar som har muskel- og skjelettlidingar, psykiske lidingar, rusproblematikk, langvarige somatiske sjukdomar, som til dømes KOLS, diabetes II, demens og overvekt, og eldre med helse- og funksjonssvikt. Andre grupper kan vere barn og unge med ulike typar vanskar og menneske med utviklingshemming

Gjennom eit brukarsentrert utviklings- og livsfaseperspektiv fokuserer dette masterstudiet på møte med brukarar som har behov for koordinerte helse- og sosialtenester med vekt på helsefremmende og førebyggande tilnærming.

Du lærer å:

  • Sette i verk, leie og evaluere innovasjonar og tenesteutvikling retta mot enkeltindivid og mot ulike brukar- og pasientgrupper.
  • Leie, koordinere og tilrettelegge for samanhengande og heilskaplege tenester til brukarar og pasientar med samansette behov.
  • Arbeide helsefremmande og forebyggande med brukarar og pasientar med samansette behov.
  • Arbeide direkte brukar- og pasientretta.
  • Legge til rette for brukar- og pasientmedverknad.

Undervisningsopplegg

Du får ei variert og studentaktiv undervisning med førelesingar og dialog, fleirfaglege refleksjonsgrupper og gruppearbeid, caser, seminar og skriftlege oppgåver med krav til refleksjon og analyse. I tillegg til planlagde læringsaktivitetar må du sette av tid til fordjuping i pensumlitteratur og til skriftlege oppgåver.

Du vil få rettleiing ved skriftlege arbeid. Nærare beskriving går fram av dei ulike emna.

Vi vektlegg arbeid med skriveprosessar, analytiske ferdigheiter og munnleg og skriftleg argumentasjon.

Studiet er samlingsbasert, med rundt 3-4 samlingar á 3-4 dagar per semester.

Det er mogleg å søkje innpass for andre emne på masternivå. Maksimalt kan du få innpass for 30 studiepoeng.

Informasjon om opptak

1. mars

Karrierevegar

  • Leiing og koordinering av tenester til brukargrupper med samansette hjelpebehov i kommunar og helseføretak
  • Prosjektleiing, utgreiing, planlegging, innovasjon- og forbetring
  • Praksisnær samhandling med brukarar med samansette og langvarige behov innan helse – og sosialsektoren
  • Undervisning
  • Arbeid med barn og unge og deira familiar
  • Førebygging og helsefremjing

Tilbys ved:

  • Bergen
  • Førde
  • Haugesund
  • Sogndal
  • Stord