Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidOm studiet
Samfunnsutvikling, teknologiske endringar, aukande levealder og endra levevanar har stor betydning for sjukdomsbildet som pregar oppgåvene helsevesenet står overfor. Dette krev fysioterapeutar med gode kliniske ferdigheiter, sjølvstendig vurderingsevne og evnen til å halde seg oppdatert på ny kunnskap innan fagfeltet.
Vi tek ikkje opp nye studentar på dette studieprogrammet i 2021. Neste planlagte opptak er i 2022.
Innfallsvinkelen på studiet er mennesket som kroppsleg erfaringsberande og samhandlande aktør. Kroppen blir belyst som samansett fenomen, og helse- og funksjonsproblem blir drøfta ut frå ulike teoretiske perspektiv. I utdanninga vektlegg samspelet i behandlingssituasjonen, og refleksjon om fysioterapi som relasjonell virksomhet.
Du vel ein av følgjande studieretningar:
- Fysioterapi ved hjarte- og lungesjukdommar (to-årig)
- Fysioterapi ved muskel- skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem (to-årig)
- Fysioterapi ved psykiske og psykosomatiske helseproblem (tre-årig)
Oppbygging av studiet
- I første studieår blir det undervist i teoretiske basiskunnskapar og praktiske ferdigheiter innan valt studieretning. Du vil også lære å forstå ulike perspektiv på kropp, funksjon, helse og sjukdom. Vitskapsteori, etikk og metode er organisert som nettkurs.
- I andre studieår arbeider du videre med emne frå studieretninga du har valt, samt med masteroppgåva.
- For du som vel studieretningen Psykiske og psykosomatiske helseproblem, arbeider du videre med emne frå studieretninga du har valt og masteroppgåva.
Fysioterapi ved hjarte- og lungejukdommar
Du får kompetanse innan fysioterapi knytt til pasientar med
hjarte- og lungeproblem i akutt og kronisk fase. Du kvalifiserer
deg til spesialisert og utvida kompetanse i rettleiing,
forebygging, undersøking, behandling, habilitering og
rehabilitering relatert til desse problema.
Fysioterapi ved muskel- skjelett, ortopediske og
revmatiske helseproblem
Du får avansert kompetanse innan undersøking og behandling av
pasientar med muskel, skjelett, ortopediske og revmatiske
helseproblem både innan primær- og spesialisthelsetenesta. Du
blir ein viktig bidragsytar inn mot ikkje-kirurgiske
behandlingsalternativ som tradisjonelt har hatt ortopedisk
kirurgi som førsteval, og/eller i forbindelse med postoperativ
rehabilitering.
Fysioterapi ved psykiske og psykosomatiske
helseproblem
Du får avansert kompetanse i å undersøke og å tilpasse
psykomotorisk fysioterapi til pasienter med et bredt spekter av
livs belastninger, innan primær- spesialisthelsetenesten. Det
blir lagt særleg vekt på ferdighet og kunnskap om kroppsleg
omstilling, samt relasjonell og ressursorientert kompetanse i
samhandling med sårbare pasientar.
Undervisningsopplegg
Undervisinga er samlingsbasert, med inntil 3 to-vekerssamlingar per semester. Mellom samlingane blir det arrangert videokonferansar, nettbasert gruppearbeid og skriftlege arbeid. I tillegg kjem sjølvstudium.
Arbeidsformene vekslar mellom forelesingar, nettbasert undervisning, seminar, skriftlege oppgåver, munnlege presentasjonar, ferdigheitstrening, interaktive kunnskapstestar, arbeid individuelt og i grupper og rettleiing.
Du skal jobbe med praksisnære problemstillingar, og kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving.
Studiestart og samlingar hausten 2020
Studiet startar mandag 17. august kl. 10.15, på campus Kronstad i Bergen.
I haust blir det arrangert tre periodar med 2-vekerssamlingar, der ein av vekene blir på campus og ein av vekene blir digital.
- Uke 34 + 35: Uke 34 samling på Campus Kronstad, og digital samling i uke 35
- Uke 42 + 43: Uke 42 samling på Campus Kronstad, og digital samling i uke 43
- Uke 48 + 49: Uke 48 samling på Campus Kronstad, og digital samling i uke 49
Opptaksinformasjon
Ikkje opptak 2021
Videre studier
Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.
Karrieremuligheter
Med denne mastergraden kan du arbeide som fysioterapeut med spesialisert klinisk arbeid innanfor ulike nivå og deler av helsetenesta. Du kan ha ansvar for undersøking, førebygging, behandling, hab-/rehabilitering og koordinering av forskings- og utviklingsarbeid. Du kan også arbeide i utdanningsinstitusjonar.
Masterstudiet i klinisk fysioterapi kvalifiserer deg til faglege leiande stillingar og til å kunne gi spesialisert og kunnskapsbasert fysioterapitilbod. Ein mastergrad er eit nødvendig skritt på vegen til utvikling av forskings- og spesialistkompetanse.
Utveksling
Det er mogleg å ha eit studieopphald i utlandet.