Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidOm studiet
Vil du jobbe med drama og teater i skulen, kulturskulen, innan helse, integrering eller anna sosialt arbeid? Då er dette eit aktuelt masterstudium for deg!
Dette er eit kunstpedagogisk studium som bygger på tidlegare utdanning og erfaring i drama og teater. Studiet er forskingsbasert, og krev at du har interesse og evne til å reflektere teoretisk. Gjennom utdanninga utforskar du særtrekka i fagområdet frå teori til framføring.
Du tileignar deg kunnskap om:
- Dramapedagogikk og teaterteori
- Prosjektleiing /anvendt teaterprosjekt
- Vitskapsteori, forskingsmetode og akademisk skriving
- Kunstnarisk utviklingsarbeid
I tillegg skriv du masteroppgåve. Du kan velje mellom to variantar: Ei avhandling som monografi eller ei avhandling med dramapedagogisk- eller anvendt teaterproduksjon som praktisk komponent.
Som masterstudent kan det vere høve til å delta i forskingsprosjekt med forskarar frå HVL og andre institusjonar.
Undervisningsopplegg
Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, rettleiing individuelt og i grupper, workshop/forestilling og sjølvstudium. Studiet føreset stor grad av sjølvstendig arbeid.
Undervisning i form av fagkonferanse/ekskursjon inngår mellom dei aktuelle arbeidsformene. Kostnader ved denne undervisninga må du dekke sjølv.
Det er forventa at du deltar aktivt med seminar- og prosjektframlegg i studiet. Dette krev aktiv studiedeltaking bunde til opphald ved studiestaden.
Opptaksinformasjon
1. mars
Videre studier
Fullført studium kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudiet Studium i danning og didaktiske praksisar, der fagfeltet drama/teater er ei fordjupingsmoglegheit.
Karrieremuligheter
- Du blir fagleg kvalifisert for undervisningsstilling i drama/ teaterfag i skulen.
- Du kan arbeide som kunstpedagogisk konsulent i offentleg eller privat sektor, drama-/teaterpedagog i teaterinstitusjonar og kulturskular og andre verksemder som treng kompetanse innan dramapedagogikk og anvendt teater.
- Du kan arbeide frilans og etablere eigne prosjekt som kan ha relevans for mellom andre den kulturelle beremeisen, den kulturelle skolesekken, den kulturelle spaserstokken, og andre relevante arenaer.
- Mastergraden kan kvalifisere til vidare forsking innanfor fagfeltet.
Dersom du ikkje har praktisk-pedagogisk utdanning i opptaksgrunnlaget ditt, må du ta dette i tillegg for å få undervisningskompetanse og.
Utveksling
HVL har fleire utanlandske samarbeidspartnarar, både i og utanfor Europa. Du kan reise på utveksling i eitt semester til ein av samarbeidspartnarane våre, vanlegvis i vårsemesteret i 1. studieår.
Utveksling med Shanghai Theatre Academy kan skje i første semester 2. studieår, enten som feltarbeid for eiget prosjekt, eller i prosjektsamarbeid med andre studentar.