Nøkkelinformasjon

Studiested

Sogndal

Nivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120.00

Semester

4

Studietempo

Heltid

Om studiet

Klimaendringane dei siste åra, med ekstremvêr, flaum, skred og vindskade, har ført til eit stort behov for personar med både miljøvitskapleg kunnskap og praktisk planleggingskompetanse. Denne masteren er utvikla spesielt for å møte dette aukande samfunnsbehovet.

Studiet gir deg eit fagleg grunnlag til å vurdere, planlegge og gi råd om korleis ulike samfunnssektorar kan implementere strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar og tilpasse samfunnet til klimaendringane. Vi ser på klimautfordringane frå både eit natur- og samfunnsvitskapleg perspektiv.

Sognefjorden og landskapet rundt er eit ideelt laboratorium for å studere klimaendringar, med kort veg til isbreane og skred- og flaumutsett terreng, samfunn og infrastruktur i eit krevjande landskap, og ein levande natur rett utanfor undervisningslokala.

Du lærer om:

  • klimamodellar og klimaprojeksjonar, og korleis ein kan nytte desse til å analysere og vurdere moglege framtidsscenario
  • nasjonal og internasjonal klimapolitikk og korleis politikken fungerer i praksis
  • korleis klimaendringar påverkar arter, samfunn og økosystem, og korleis økosystema kan romme løysingar på nokre av klimautfordringane
  • korleis samfunnet kan legge om energiproduksjon, energiforbruk og energisystem i ei meir miljøvenleg retning
  • korleis ein kan ta omsyn til skred, flaum og overvasshandtering (klimatilpassing) i arealplanlegginga
  • strategiar, tiltak og verkemiddel for klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp gjennom arealplanlegging

Unvervisningsmåter

Vi har forelesingar, ekskursjonar, feltarbeid, tverrfagleg arbeid i grupper, seminar med framlegg og diskusjon, individuell fordjuping og ulike typar sjølvstendig skriftleg arbeid, med tett oppfølging.

All undervisning er på engelsk. Du kan skrive masteroppgåve på norsk.

Opptaksinformasjon

For søkarar utanfor EU/EØS: 1. desember 2020

Søkarar fra EU/EØS: 1. mars 2021

Norske søkarar: 15. april 2021

Karrieremuligheter

Du får ein brei miljøfagleg kompetanse, og kan vere med og finne løysingane på korleis samfunnet skal møte klimaeendringane, ei av dei største utfordringane vi har stått ovanfor.

Du kan blant anna få jobb som

  • planleggar i offentleg sektor (kommune, region, vegvesen, fagdirektorat, o.l.)
  • miljø-, klima og energirådgivar i privat og offentleg sektor og organisasjonar

Du kan vere med å utvikle strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar, planar for kva areal som kan brukast til veg, jernbane og bustader, eller korleis areal bør vera utforma for å unngå skadelege effektar av flaum, skred og andre klimarelaterte hendingar.

Utdanninga kvalifiserer også til undervisnings- og forskingsjobbar.

Utveksling

Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. semester. 

Kvalifikasjon/tittel

Master in Climate Change Management