Kjemi favoritt ikon

Universitet og høgskole
Korleis kan vi utnytte naturressursane våre utan å skade naturen? Som kjemiingeniør kan du vere med på å finne gode løysingar for ei berekraftig utvikling.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Kjemi er læra om stoff, deira eigenskapar, samansetjing og reaksjonar. Ved kjemiingeniørutdanninga vil du lære om oppbygging, verkemåte og drift av industrielle prosessanlegg, produksjonsanlegg og moderne laboratorieinstrumentering. Du vil også få kunnskapar om miljøanalysar, reinseteknologi og bruk av datateknologi.

Kjemiingeniørutdanninga er utvikla i samarbeid med næringslivet, noko som gjer at du blir godt rusta for yrkeslivet. Dei tre første semestera er utdanninga lik for alle kjemiingeniørstudentane.

Du kan velje mellom tre studieretningar:

Studieretninga i akvakultur har fokus på oppdrettssystem, utfordringar og mogelege tiltak sett frå ein ingeniørfagleg ståstad. Du vil først få eit generelt innblikk i norsk havbruksnæring og gjeldande oppdrettsystem gjennom introduksjonsfaget. Her vil du også få ei kort innføring i tema som vasskvalitet og fiskefysiologi. Vidare vil du få ei djupare innføring i vassbehandling, vassreinsing, resirkulasjonssystem og andre produksjonssystem.

Studieretninga i miljøteknologi har fokus på grøn kjemi som handlar om korleis du reduserer eller helst hindrar forureining. Vidare vil vatn, overvatn og avløpsløysingar vere sentrale tema. Du får innføring i vasskvalitet, behandling av drikkevatn samt metodar for reinsing av avløpsvatn frå kommunalt avløp og industri. Du får kunnskapar om prøvetaking, prøvebehandling og kvalitetssikring av analysar. Du får ferdigheiter i å arbeide nøyaktig og å tolke spekter.

Studieretninga i prosessteknologi har fokus på industrielle prosessanlegg og korleis dei verkar, til dømes dei som blir brukte i raffinering til utvikling av ferdige produkt (bensin, flydrivstoff) frå olje og gass. Du lærer om stoffoverføringsprosessar samt varmetransport og varmeoverføringsprosessar. I tillegg får du ei innføring i korleis prosessar og instrumentering blir overvaka og styrt via datakommunikasjon.

Undervisningsopplegg

Allereie frå første semester vil du få kontakt med industri- og næringsverksemd gjennom prosjektarbeid, ekskursjonar og gjesteførelesningar. Det blir også lagt stor vekt på laboratorieøvingar og utrekningar, ved bruk av dataprogram der du får prøve ut problemstillingar frå teoriundervisninga. Dei praktiske øvingane, samt rapportskriving, blir ofte utført i grupper.

I siste vårsemester skal du gjennomføre ei bacheloroppgåve (prosjektoppgåve) i samarbeid med tre studentar. Bacheloroppgåva kan utførast internt ved HVL eller eksternt, også i utlandet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1+ R2 og Fysikk 1

 

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Kjemiingeniørutdanninga er ei brei og allsidig utdanning som er etterspurd i næringslivet. Dei tidlegare studentane våre jobbar i ingeniør- og oljeselskap, samt kjemikalie- og laboratorieselskap. Fleire er tilsette i prosessindustrien og næringsmiddelindustrien. Mange arbeider i stat eller kommune, med til dømes vatn og avløp. I tillegg er havbruksnæringa sterkt veksande, og ein student med fordjuping i akvakultur vil vere ein spennande kandidat for denne næringa.

Arbeidsoppgåvene til ein kjemiingeniør kan omfatte planlegging av laboratoriearbeid eller prosjektering av prosess- og produksjonsanlegg ved bruk av dataprogram. Du vil ha ansvar for installasjon, oppstart, kontroll samt drift og vedlikehald av prosessanlegg, produksjonssystem eller analyseinstrument. Du kan arbeide ute i felt med til dømes miljøovervaking. Du kan arbeide i produksjonen eller gjere kjemiske analysar i analyselaboratorium. Du kan jobbe med HMS (helse, miljø og tryggleik) eller med forsking og utvikling.

Utveksling

Det er lagt til rette for at du kan ta eit semester av utdanninga i Sør-Afrika ved Cape Peninsula University of Technology i Cape Town. Det er også lagt til rette for studieopphald i Belgia, Ungarn og Australia i 5. og 6. semester.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag

Tilbys ved:

  • Bergen

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2018

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

29

Søknadskode (SO)

203009