Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
5. desember 2023.


Om studiet
Kvifor studere jordmorfag?
Denne utdanninga gir deg høg klinisk kompetanse, slik at du kan medverke i forskings- og utviklingsarbeid. Du får ei utdanning som utfordrar og utviklar kunnskapen om kvinners reproduktive helse.
Du blir ein viktig fagperson for å gi kvinner og familier moglegheiter til mestring og kontroll over eigen livssituasjon.
Du kan studere jordmorfag ved campus Bergen.
Studiets oppbygging
Praksis
For deg som tar 120 studiepoeng, er studiet delt opp i 40 veker teori og 40 veker praksis. Du har praksis på ulike avdelingar innanfor svangerskaps-, fødsels-, og barselomsorga. Deler av praksisen vil også skje ved poliklinikkar og nyfødd-avdelingar. Våre praksisplassar er fordelte i Helse Vest.
Studentar som skal ha praksis, må levere politiattest.
Innhald i studiet
Under studiet møter du varierte læringsformer som gruppearbeid, seminar, forelesing, oppgåveskriving og simulering, samt klinikkundervisning i praksisstudiet. Enkelte teoretiske emne er nettbaserte.
Masteroppgåva i jordmorfag skal vere eit sjølvstendig arbeid, der du kan samarbeide og fordjupe deg i eit tema saman med ein medstudent.
Påbygg til master: 45 eller 60 studiepoeng
Har du allereie vidareutdanning som jordmor og vil bygge på til ein mastergrad, tar du anten 45 eller 60 studiepoeng på deltid i 1,5 år:
- Har du fullført jordmorutdanning etter noverande rammeplan frå 2004-2005, vil du få innpassa utdanninga du har frå før av, og berre ta 45 nye studiepoeng. Du tek eit emne i forskingsmetode og vitskapsteori i tillegg til masteroppgåva.
- Har du eldre jordmorutdanning eller utdanning utanfor HVL, tar du i tillegg eit emne i kunnskapsbasert praksis i første semester. Du tar i alt 60 studiepoeng av masterprogrammet.
Har du vidareutdanning som jordmor frå før av, skal du ikkje i praksis.
Utveksling
Jordmorutdanninga er med i internasjonale nettverk som gjer at våre studentar kan reise på utveksling til utanlandske institusjonar. Utveksling skjer i andre studieår, og varer frå fire til åtte veker.
Opptakskrav
- Bachelorgrad i sykepleie og norsk autorisasjon som sykepleier.
- Minst 1 års yrkespraksis som sykepleier etter autorisasjon.
Kvote:
Kvoten vil for studieåret 2023/2024
være forbeholdt inntil 6 søkere som kan dokumentere
arbeidstilknytning til Helse Fonna sitt område. For å ha rett til
å delta i kvoten må du i tillegg til opptakskravet dokumentere:
- At du er ansatt som sykepleier i Helse Fonna eller en kommune som regnes som "tilhørende" Helse Fonna. Attesten må være utstedt i søknadsåret.*
*Se nettside med oversikt
over kommuner som regnes som “tilhørende” de ulike
helseforetakene.
Kvoten gjelder ikke for opptak til påbygg.
Søknadskode: 3014 (3025 for påbygg)
Opptaksinformasjon
https://www.hvl.no/student/medisinsk-testing/Sjå informasjon om medisinsk testing.
https://www.hvl.no/student/politiattest/Studiet har krav om politiattest.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Du kan jobbe med:
- særskilt ansvar for kvinne- og reproduktiv helse i eit livsløpsperspektiv
- klinisk fagleiing
- utdanning av jordmødre og anna helsepersonell
- forskjellige stillingar i kommune- og spesialisthelsetenesta
- kombinerte stillingar innan klinisk arbeid og praksisnært forskings- og utviklingsarbeid
Som autorisert jordmor kan du jobbe både nasjonalt og internasjonalt på ulike nivå i helsetenesta. I Noreg vil dette i all hovudsak vere delt mellom kommunehelsetenesta, spesialisthelsetenesta og ulike private bedrifter. Rådgiving, rettleiing og undervisning utgjer ein viktig del av det å vere jordmor.
Lønn: Kva tener du som jordmor?
I følgje Utdanning.no tener jordmødrer i gjennomsnitt 698 520 kroner. Les meir om lønsstatistikk for jordmor på utdanning.no.
Utveksling
Danmark | University College of Northern Denmark | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=280
Finland | Yrkeshögskolan Novia | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=349
Finland | Arcada University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=738
Færøyene | The National Hospital of the Faroe Islands | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=594
Grønland | Dronning Ingrids Hospital | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=593
Island | University of Iceland | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=500
Sverige | University of Borås | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=567
Tanzania | Haydom Hospital Arusha | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=194