Fakta

Sted:
Stord
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Studiepoeng:
180

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

30. november 2023.

Om studiet

Kvifor studere maskiningeniør?

Maskiningeniøren designar, produserer, driftar og vedlikeheld produkt og produksjonsutstyr. Ein maskiningeniør utviklar også arbeidsmetodar for å produsere og styre produksjonsprosessar. Utdanninga i maskiningeniør er bygd opp i nært samarbeid med industrien i nærområdet, og yrkesvegane er mange for den allsidige maskiningeniøren

Kven passar utdannninga for?

Maskiningeniør for fagskuleingeniørar passar for deg som ønskjer å kombinere utdanning med ei redusert stilling. Det er spesielt tilpassa for deg som har godkjend toårig teknisk fagskule, og er bygd opp med utgangspunkt i maskinteknikkstudiet til Fagskolen Vestland. 

Som søkjar vil du få ei individuell vurdering på kor godt utdanninga din passar inn i denne ingeniørutdanninga. Dersom du ikkje tilfredsstiller innpass av totalt 60 studiepoeng frå fagskulen, kan du bygge på med eitt eller fleire emne frå maskiningeniørutdanninga vår i Haugesund eller Bergen.

I tillegg til toårig teknisk fagskule, må du kunne dokumentere kunnskapar tilsvarande Matematikk R1 + R2 og Fysikk 1. Dersom du manglar desse, kan du ta kontakt med oss for informasjon om måtar å kvalifisere deg på.

Du kan studere maskin for fagskuleingeniørar ved campus Stord. Ved campus Haugesund og campus Bergen kan du utdanne deg til maskiningeniør i eit vanleg treårig løp. 

Studiets oppbygging

Korleis er studiet lagt opp?

Studiet er spesielt tilrettelagt for deg som er i arbeid ønskjer å kombinere utdanning med ei redusert stilling. Det er lagt opp til at du tek 30 studiepoeng kvart semester.

Studiet er samlingsbasert med undervisning på campus kvar tredje veke. Mellom samlingane er det lagt opp til ein del nettbasert undervisning og sjølvstudium. Studiet stiller høge krav sjølvstende og eigenaktivitet utover organsiert undervisning. 

Samlingar hausten 2023 er i veke 34, 36, 39, 42, 45. 

Siste semester skriv du bacheloroppgåve. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet. Bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i små grupper.

Undervisinga vil hovudsakleg gå føre seg på campus Stord, men det kan vere naudsynt å gjennomføre delar av undervisinga ved campus Haugesund.

Sjølv om opplegget er tilpassa folk i arbeid, kan studiet passe like godt for deg som ikkje er i arbeid.

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i maskiningeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Opptakskrav

Studiet er spesielt tilpassa for studentar med godkjent toårig teknisk fagskule, og er bygd opp med utgangspunkt i maskinteknikkstudiet til Fagskolen i Hordaland.

Som søkjar vil du få ei individuell vurdering på kor godt utdanninga din passar inn i denne ingeniørutdanninga. Dersom du ikkje tilfredsstiller innpass av totalt 60 studiepoeng frå fagskulen, kan det bli aktuelt å bygge på med eitt eller fleire emne frå maskiningeniørutdanninga vår i Haugesund eller Bergen.

I tillegg til toårig teknisk fagskule, må du kunne dokumentere kunnskapar tilsvarande Matematikk R1 + R2 og Fysikk 1. Dersom du manglar desse, ta kontakt for informasjon om måtar å kvalifisere deg på!

Søkjarar som fullfører teknisk fagskule etter søknadsfristen, kan ettersende vitnemålet sitt seinast 1. juli.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

En maskiningeniør kan arbeide i industribedrifter, som for eksempel verkstadsindustrien, prosessindustrien, skipsindustrien, eller olje- og gassindustrien. Du kan óg jobbe i selskap som jobbar med fornybar energi. Mange jobbar er også å finne i byggebransjen, i reiarlag, i tekniske og kommunale etatar, hos kontrollmyndigheiter, eller i rådgjevande ingeniørfirma.

Maskiningeniørar jobber også hos produsentar og leverandørar av produkt og produksjonsutstyr. Ein del maskiningeniørar startar óg eiga verksemd.

Lønn: Kva tener ein maskiningeniør? 

Ein maskiningeniør tener i gjennomsnitt 716 040 kroner i året, i følgje utdanning.no.

Alle utdanninger innen