Nøkkelinformasjon

Studiested

Sogndal

Nivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180.00

Semester

6

Organisering

Undervisning ved lærestedet

Studietempo

Heltid

Opptakskrav

GENS

Poenggrenser 2020

  • 35.00 (primær)
  • 32.00 (ordinær)

Studieplasser

26

Søknadskode (SO)

203485

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

Vil du jobbe i idretten eller studere vidare for å undervise i idrett og kroppsøving i skuleverket? Bachelor i idrett og kroppsøving passar godt for deg som vil bli kroppsøvingslærar, trenar, leiar i idrettsorganisasjonar eller jobbe innan den kommersielle treningsbransjen. Gjennom studiet kan du også ta trenarutdanning i fotball.

Vi tek ikkje opp studentar til 1. studieår hausten 2021, men har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller tilsvarande, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Studentar frå andre høgskular/universitet kan óg søke opptak til 2. studieår og eventuelt 3. studieår.

Studiet passar for deg som er opptatt av idrett og læring hos elev, utøvar, trenar eller lærar. Gode lærings- og treningsfasilitetar på campus dannar ei unik ramme for klasseromma me brukar i utdanninga. I tillegg er det kort veg til fantastsk natur som Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen.

Gjennom studiet lærer du:

  • å bygge opp idrettsaktivitetar i skule og fritid
  • å planlegge, gjennomføre og analysere fysisk trening
  • om idrettsfordjuping, ferdigheitslæring, coaching og sport, kultur og leiing
  • om idrettsaktivitetar som ballspel, fotball, symjing, basistraning og nærfriluftsliv
  • å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåve

Undervisninga vekslar mellom teoretisk undervisning og praktisk aktivitet, med forelesingar, praktiske økter, prosjekt- og gruppearbeid, individuelle oppgåver, individuell rettleiing og praksis. Det blir lagt vekt på studentaktiv læring og eigeninnsats.

Dersom du vil ta trenarutdanning i fotball, vel du fordjuping fotball som valemne i 6. semester. Arbeidskrav og praksis i 2. og 3. år vil vere retta mot fotballfeltet, og du skriv bacheloroppgåve retta mot fotballfeltet

Undervisningsopplegg

Studiet inneheld to praksisperiodar. Punktpraksis 2. studieår og fem dagar over to veker 3. studieår. Praksisen er knytt til skule og idretten.

Informasjon om praksis.

Opptaksinformasjon

15. april

Videre studier

Karrieremuligheter

Utdanninga gir deg kompetanse til å t.d. jobbe med idrett i idrettsorganisasjonar, den kommersielle treningsbransjen, offentleg sektor, private føretak. Ønsker du å jobbe vidare med forsking knytt til fysisk aktivitet og helse kan du bygge på med ei masterutdanning. Med praktisk-pedagogisk utdanning er du kvalifisert til å undervise i idrett og kroppsøving i skuleverket.

Utveksling

Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 6. semester. Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer!

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor

Alle utdanninger innen