Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidOpptakskrav
GENS
Studieplasser
29
Søknadskode (SO)
203486
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Denne utdanninga passar for deg som er oppteken av helse og fysisk aktivitet, og korleis vi kan møte helseutfordringane vi har i samfunnet i dag. Studiet har ein helsefagleg profil der du lærer om samanhengar mellom livsstil og helse på individ- og samfunnsnivå.
Vi tek ikkje opp studentar til 1. studieår hausten 2021, men har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller tilsvarande, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Studentar frå andre høgskular/universitet kan óg søke opptak til 2. studieår og eventuelt 3. studieår.
Gode lærings- og treningsfasilitetar på campus dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i utdanninga. I tillegg er det kort veg til fantastisk natur som Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen.
Gjennom studiet lærer du:
- om livsstilssjukdomar, folkehelse og folkehelsearbeid
- om kroppens fysiologi
- korleis fysisk aktivitet og inaktivitet påverkar kroppen
- korleis fysisk aktivitet kan brukast i førebuing, rehabilitering og opptrening
- å planlegge, gjennomføre og evaluere fysisk aktivitet og trening for ulike målgrupper
- å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver
Undervisningsopplegg
Studiet inneheld to praksisperiodar. Tre veker 2. studieår, to veker 3. studieår, som er knytt til tema som omhandlar fysisk aktivitet opp mot læring, førebygging og rehabilitering.
Opptaksinformasjon
15. april
Videre studier
- Med årsstudium i PPU blir du kvalifisert for å undervise frå 5.-13. trinn.
- Du kan også bygge på utdanninga di med Master i idrettsvit
Karrieremuligheter
Utdanninga gir deg kompetanse til å t.d. jobbe som idrettspedagog, treningsrettleiar eller fysisk aktivitet- og helserådgivar både i offentleg og privat sektor, mellom anna ved opptreningssenter, frisklivssentralar og i treningssenterbransjen. Ønsker du å jobbe vidare med forsking knytt til fysisk aktivitet og helse, kan du bygge på med ei masterutdanning Med praktisk-pedagogisk utdanning er du kvalifisert til å undervise i idrett og kroppsøving i skuleverket.
Utveksling
Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 6. semester. Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer!