Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Oppstart: 4. februar
Pris:

34900

Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

30. mai 2022.

Om studiet

Gjennom studiet får du ei brei innføring i fagområda leiing og økonomi i HMS og forståing og innsikt i samspelet mellom individ, organisasjon og samfunn og i kva grad dette kan påverke HMS-kulturen i ei bedrift. Du skal etter avslutta utdanning kunne vurdere og iverksette HMS-strategiar, og gjennomføre gode endringsprosessar i eiga bedrift.

Studiet består av følgande hovudtema:

  • Leiing: Leiing av gode rutinar og nødvendig endring, leiingsformer og leiingsteknikkar, profesjonalisering av HMS-arbeid
  • Økonomi: Nytte-kostnadsanalysar, lønsam ressursbruk.
  • Lov- og avtaleverk: HMS-lover og forskrifter.
  • Samspel: Individ, organisasjon og samfunn i HMS-kultur, HMS-arbeid i organisasjons- og økonomifagleg kontekst, tillit og etikk blir prioritert for HMS-forbetringar og leiing av dette.

Arbeidsformene vil variere mellom forelesing, gruppearbeid, oppgåveløysing og sjølvstudium. I tillegg er studiet IKT-støtta.