Historie, bachelorstudium favoritt ikon

Universitet og høgskole
I ein stadig meir digital kvardag, der forståing av nyheiter, samfunnsutvikling og politikk stiller høge krav til kritisk refleksjon, blir humanistisk kunnskap meir og meir viktig. Med ein bachelor i historie får du forståing og kunnskap om korleis både mennesket og verda har utvikla seg gjennom historia.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Studiet gir deg ei innføring i den historiske utviklinga frå antikken og fram til i dag. Du lærer om kva som har skjedd, og ikkje minst kvifor og korleis det skjedde.

Du lærer om

  • eldre og nyare historie
  • globalisering
  • samtidshistorie og lokalhistorie
  • korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle (til dømes konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar).
  • historievitskapleg metode
  • korleis historiefagleg kunnskap og ferdigheiter blir brukt i relevante yrker

I 2. studieår vel du eit årsstudium eller set saman ulike emne frå HVL eller andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands. I 3. studieår skriv du bacheloroppgåve om eit historisk emne du interesserer deg for.

Med fullført årsstudium (og tilrådd studieløp) i historie kan du søke opptak direkte til 2. år. Du søker gjennom vår Søknadsweb.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, gruppediskusjonar, oppgåveskriving med rettleiing og ekskursjonar.

Historiefaget set store krav til kjeldekritikk, og vi har fokus på logisk tenkning, rasjonell argumentasjon, kritisk analyse av tekstar og tydeleg kommunikasjon.

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

  • Gjennom studiet blir du god til å analysere og samanfatte store informasjonsmengder. Desse erfaringane har stor verdi i arbeidslivet, både innanfor offentleg og privat sektor. Mange historikarar jobbar i administrative stillingar med arbeidsoppgåver retta mot generell offentleg administrasjon og økonomiforvaltning, saksbehandling/utredningsarbeid og anna kontoradministrativt arbeid.
  • Du kan også jobbe med medie- og kulturarbeid

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 3. og/eller 4. semester.

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2017

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

15

Søknadskode (SO)

203481