Historie, årsstudium favoritt ikon

Universitet og høgskole
Med årsstudium i historie får du forståing og kunnskap om korleis både mennesket og verda har utvikla seg gjennom historia. Historie handlar om å sjå endringar over tid, og du lærer om kva som har skjedd, og ikkje minst kvifor og korleis det skjedde.

Studienivå

Årsstudium

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Studiepoeng

60

Semester

2

Om studiet

Studiet gir deg ei innføring i historie frå antikken til vår tid. Det gir deg også ein smakebit av historiefagets grunnleggjande spørsmål og arbeidsmåtar.

Du lærer

  • om hovudtrekka i eldre og nyare norsk, europeisk og global historie
  • om politiske tilhøve i Europa og i den globaliserte verdspolitikken
  • korleis ulike samfunn har møtt utfordringar som framleis er dagsaktuelle (til dømes konsekvensar av konflikt og migrasjon, teknologisk utvikling og utfordringar knytt til klima- og miljøendringar).
  • korleis statsmaktene er organisert i forhold til kvarandre, og korleis samspelet er mellom konstitusjonar, parlament og regjering
  • å kritisk vurdere historiefaglege tekstar

Årsstudiet passar godt som vidareutdanning for deg som er lærar.

Undervisningsopplegg

Vi har forelesingar, skriftleg arbeid med rettleiing, seminar- og gruppearbeid. Det er lagt opp til mykje sjølvstudium.

Informasjon om opptak

15. april

Kvalifikasjon/tittel

Fullført årsstudium

Tilbys ved:

  • Sogndal

Informasjon fra Samordna Opptak

Poenggrenser 2017

Alle (primær)
Alle (ordinær)

Studieplasser

15

Søknadskode (SO)

203179