Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidOpptakskrav
GENS
Poenggrenser 2020
- 42.90 (primær)
- 45.10 (ordinær)
Studieplasser
26
Søknadskode (SO)
203302
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Vil du ha ein jobb der du kan vere ute i naturen? Med ein bachelor i friluftsliv får du dei kunnskapane og ferdigheitene som trengst for å formidle natur- og meistringsglede til andre menneske.
Ved campus Sogndal har du den flotte naturen rett utanfor døra. Som friluftslivstudent får du bruke fjorden og fjella som ein naturleg del av utdanninga di, mellom anna gjennom fordjuping i aktivitetar som ski, klatring, havkajakk og brevandring.
Gjennom teori, praksis og ekskursjonar får du ei utdanning som gjer at du kan inspirere andre og gje gode naturopplevingar til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.
Den korte vegen til Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen, lang snøsesong og gode lærings- og treningsfasilitetar på campus, dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i utdanninga.
Gjennom studiet lærer du:
- å planlegge og gjennomføre turar i ulike miljø (padling, klatring, ski, bre og fotturar)
- å tilpasse turar for ulike grupper og med ulike ferdigheiter
- grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv sommar og vinter
- om teoretisk perspektiv på friluftslivets historie, friluftsliv i dagens samfunn, naturfilosofi, friluftslivspedagogikk og -forvaltning.
- å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver
Har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller anna relevant utdanning, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.
Undervisningsopplegg
Studiet inneheld ein praksisperiode. To veker 2. studieår som er knytt til friluftslivsundervisning i skulesamanheng og bruk av friluftsliv i institusjonssamanheng knytt til fysiske- og psykiske helseutfordringar.
Opptaksinformasjon
15. april
Videre studier
- Med årsstudium i praktisk-pedagogisk-utdanning blir du kvalifisert for å undervise frå 5. til 13. trinn.
- Du kan også bygge på utdanninga di med
Karrieremuligheter
Utdanninga gir deg kompetanse til å til dømes jobbe på folkehøgskule, med friluftsliv i helsesektoren, med naturbasert turisme og i lag- og organisasjonar til dømes DNT og friluftslivsråd. Ønsker du å jobbe vidare med forsking knytt til fysisk aktivitet og helse kan du bygge på med ei masterutdanning. Med praktisk-pedagogisk utdanning er du kvalifisert til å undervise i idrett og kroppsøving i skulen.
Utveksling
Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.