Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Nettstøttet, samlingsbasert
Oppstart: 4. februar
Pris:

34900

Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

30. mai 2022.

Om studiet

I organisasjonar er konflikt og forhandlingar to fenomen som dei fleste held seg til dagleg i ulike samanhengar. I dette kurset vil studentane få både praktisk og teoretisk innsikt i korleis ein kan nærme seg dette på konstruktive måtar.

I første del av kurset vil vi fokusere på konfliktforståing og konfliktanalyse. Konfliktar kan skape utfordringar og vere øydeleggande, men dei kan også vere utgangspunktet for innovasjon og ny innsikt. Det er viktig med ei god forståing av årsaker til konfliktar og korleis dei utviklar seg. I følge konflikteori er det sjølve handteringa som er avgjerande for om konfliktar får positive eller negative konsekvensar.

I andre del av kurset vil studenten få ei grundig forståing for ulike forhandlingssituasjonar og sentrale dilemma i forhandlingar. Det vil bli praktiske øvingar og teoretiske forelesningar om både distributive og integrative forhandlingssituasjonar, samt fleirpartsforhandlingar og assisterte forhandlingar (mekling). Det vil fokuserast på korleis ein kan utvikle avtalar av god kvalitet gjennom forhandlingsprosessen.

  • Samling 1:
    Konfliktforståing og konfliktanalyse. Introduksjon til forhandlingar
  • Samling 2:
    Forhandlingsteori. Strategiar i forhandlingar
  • Samling 3:
    Forhandlingar og konflikthandtering. Etiske dilemma.