Nøkkelinformasjon

Studiested

Bergen

Nivå

Master, 2 år

Studiepoeng

120.00

Semester

4

Studietempo

Heltid

Om studiet

Vil du arbeide med utvikling av komplekse datasystem og programvare? Master i programvareutvikling gir deg spisskompetanse i avansert datateknologi.

Dette studieprogrammet er ein fellesgrad med Universitetet i Bergen (UiB), og vil gi deg eit solid vitskapeleg grunnlag og praktiske kunnskapar innan programutvikling.Studiet legg vekt på å gje studentane ferdigheiter innanfor moderne systemutviklingsmetodar og teknologi, og korleis desse kan anvendast innanfor ulike domene. 

Masterprogrammet eignar seg særleg godt for deg som har dataingeniørutdanning eller ein bachelorgrad innan eit fagområde som informatikk eller informasjonsteknologi.

Programutvikling bruker idear og teknikkar frå informatikken til å løyse problem og utfordringar vi står overfor i verda i dag. Programutviklarar tar for seg område som:

  • optimal yting i skya  
  • behandling av vitskaplege bildedata (t.d. frå medisinske eller geologiske instrument) i sanntid 
  • utviklinga i programmeringsspråka over tid 
  • optimalisering av digitale ressursar som fleirlagskart for best yting 
  • visualisering av fleirdimensjonale data for å gjere dei enklare å arbeide med og skjøne 
  • utvikling av sikre databehandlingssystem som òg er etiske 

Programmet dekker to studieår (fire semester) og startar vanlegvis på hausten, sjølv om du kanskje kan starte på våren. Graden er på 120 studiepoeng (sp): Emne som i alt er på enten 60 eller 90 sp, og ei masteroppgåve som er på enten 60 eller 30 sp.

Tilrådd studieplan 60 studiepoengs masteroppgåve: 

  • 1. semester: INF234 Algoritmar (10 sp), DAT250 Avanserte programvareteknologiar (10 sp), Valfag (10 sp) 
  • 2. semester: INF222 Programmeringsspråk (10 sp), DAT251 Moderne systemutviklingsmetodar (10 sp), Valfag (10 sp) 
  • 3. og 4. semester: DAT300 Masteroppgave (60 sp)

Tilrådd studieplan 30 studiepoengs masteroppgåve: 

  • 1. semester:INF234 Algoritmar (10 sp),DAT250 Avanserte programvareteknologiar (10 sp), Valfag (10 sp) 
  • 2. semester: INF222 Programmeringsspråk (10 sp), DAT251 Moderne systemutviklingsmetodar (10 sp), Valfag (10 sp) 
  • 3. semester: 30 studiepoeng med valgfag
  • 4. semester: DAT300 Masteroppgave (60 sp)

Valfag må veljast i samråd med rettleiaren din. Alternativ kan vere INF210, INF223, INF225, INF226, INF329 eller matematikkemner ved UiB, eller DAT252, DAT259 eller andre emne ved HVL. 

Ved HVL kan du velje oppgåver knytt til forskingsgrupper for datagrafikk, modellbasert programutvikling, grid computing, datavitskap, datasikkerheit og helseinformatikk. Med utgangspunkt i desse gruppene blir det gitt undervisning i valemne innan disse fagområda, i tillegg til at rettleiarar også kan legge opp spesialpensum som er direkte relatert til masteroppgåva.

Opptaksinformasjon

15. april (for studiestart i august) og 1. november (for studiestart i januar). Programmet er tilgjengelig for søkarar frå EU/EØS, Norden og Noreg.

Karrieremuligheter

Med ein grad i programutvikling er jobbutsiktene nesten grenselause. Alle sektorar treng fleire og fleire personar med programmeringskompetanse, så det er svært mykje opp til degkva du gjer med den nye utdanninga. 

Kandidatar frå dette programmet finn jobbar både i Noreg og i utlandet, i privat og offentleg sektor. Dei blir konsulentar, får seg ei stilling ved forskingsinstitutt, arbeider for den norske staten eller utviklar produkt for næringslivet. Nokre kandidatar held fram med doktorgrad , der dei ofte bygger vidare på arbeidet i masteroppgåva. 

Arbeidsgivarar ser på programutviklingskandidatar som dedikerte, dyktige og godt førebudde på arbeidet med å løyse interessante utfordringar.

Alle utdanninger innen