Entreprenørskap favoritt ikon

Universitet og høgskole
Ta ei utdanning som gir deg ei solid plattform innan innovasjons- og teknologileiing. Slik får du eit utmerka utgangspunkt for ei karriere innan teknologileiing eller prosjektleiing for teknologibedrifter. Du får eit godt grunnlag for å arbeide med ny teknologi, nye produkt og nye arbeidsprosessar. Du kan få spanande arbeidsoppgåver i ulike typar etablerte verksemder, som konsulent for andre, eller du kan starte opp di eiga verksemd.

Studienivå

Master, 2 år

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Studiepoeng

120

Semester

4

Om studiet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) samarbeider med Universitetet i Oslo (UiO) om masterprogrammet Entrepreneurship. I løpet av våren 2019 kan masterprogrammet bli erstatta med eit tilsvarande masterprogram i innovasjon og entreprenørskap. Meir informasjon kjem i februar.

 

Dette er ein realfagleg master i teknologileiing. Programmet gir ei innføring i teknologileiing, med fokus på innovasjon og ny verksemd. Programmet eignar seg særleg godt for deg som har ingeniørutdanning, men kan også passe for deg som har annan liknande realfagleg bakgrunn.

I det siste semesteret skriv du masteroppgåva. Du kan velje mellom tema som er knytte til masteren sine emnemodular.

HVL tilbyr et parallelt masterprogram i Innovasjon og leiing, samfunnsfagleg retning.

Undervisningsopplegg

I to periodar får du arbeide med relevante bedrifter. I 2. semester er du tre månader i Houston i USA, som ein del av Gründerskulen og blir utplassert i ei bedrift. I 3. semester samarbeider du med ei relevant bedrift i Bergensregionen. Undervisninga skjer på vår campus i Bergen, med unntak av utanlandsopphaldet med Gründerskulen

Opptakskrav

Bachelorgrad i ingeniørfag eller realfag, med minst 80 studiepoeng innan ingeniør- og realfag. Karaktersnitt på minimum C.

UiO er ansvarlig for opptak til studiet. Les meir om søknad og opptak.

Informasjon om opptak

15. april

Utveksling

I andre semester inngår kurset i Gründerskulen, med enten eit utanlandsopphald eller eit opplegg i Bergensregionen.

Studieplanen kan tilpassast dine eigne forutsetningar og interesser slik at det i tillegg blir mogleg for deg å nytte deg av andre utvekslingsavtalar ved HVL.

Tilbys ved:

  • Bergen

Lignende utdanninger