Engelsk 1, 1.-7. trinn favoritt ikon

Universitet og høgskole
Engelsk 1 for 1.-7. trinn består av to emne og gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk. Dette omfattar kunnskap om korleis språket er bygd opp, og bruk av ulike tekstar på barnetrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse er sentralt. Engelskundervisning for 1.-7. trinn, og kva som kjenneteiknar elevane i denne aldersgruppa og deira språkutvikling, er sentrale tema. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar. Vidareutdanninga er eit nasjonalt tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir. Før du kan søke på studiet, må du avklare med rektoren din om du kan delta.

Studienivå

Lavere nivå

Studiepoeng

30

Semester

1

Om studiet

Digitale pedagogiske verktøy blir tatt i bruk i studiet. Studentane skal gjennomføre eit klasseromretta didaktisk prosjekt der deltakarane reflekterer over eigen praksis.

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre samlingar per semester, torsdagar og fredagar. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet.

Itslearning brukast som kommunikasjonssystem og brukast til leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav.

I studiet inngår: tur til Det norske studiesenteret i York. Turen er ikkje obligatorisk.

Studentar som ikkje reiser dit, vil få ei alternativ oppgåve som må godkjennast.Gjeld for studiet 2018/19

Vurderingsformer

Emne 1 har mappe-eksamen i desember, og emne 2 har skriftleg eksamen i mai/juni.

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Barnehage-/førskulelærarar må i tillegg dokumentere 60 studiepoeng. Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

Søknadsperiode 1. februar - 1. mars 2018

Kvalifikasjon/tittel

Videreutdanning