Engelsk 1, 1-7 - KFK, Regionalt tilbod favoritt ikon

Universitet og høgskole
Engelsk 1, 1-7 er delt i 2 emne på 15 studiepoeng, der begge emna vil ha tema frå språk, litteratur og fagdidaktikk. Det blir tre samlingar på to dagar pr. semester. Samlingsdagar er torsdag og fredag i Haugesund. Studietilbodet tilsvarar Engelsk 1, 1-7 i grunnskulelærarutdanninga, men som vidareutdanning tar den omsyn til at studentane har undervisningserfaring. Det blir gitt munnlege og skrifteleg arbeidskrav både på samlingane, og mellom samlingane. Studentane vil få oppgåver som dei må prøva ut i klasserommet, og dei skal gjera utviklingsarbeid på eigen arbeidsplass. Mellom samlingane blir det også 2-4 nettsamlingar på inntil 2 timar våren 2019. Ein vil nytte læringsplattforma Canvas i studiet. Emne 1 og 2 blir avslutta med heimeeksamen.   Studiet kjem etter avtale mellom NordR og Høgskulen på Vestlandet som eit regionalt tilbod knytt til Kompetanse for kvalitet. Ein søkjer via Utdanningsdirektoratet sin søknadsportal. Studiet startar hausten 2018 og blir avslutta i mai/juni 2019. Samlingsdatoar30. august kl. 09.15 - 16.0031. august kl. 09.15 - 15.154. oktober kl. 09.15 - 16.005. oktober kl. 09.15 - 15.158. november kl. 09.15 - 16.009. november kl. 09.15 - 15.1517. januar kl. 09.15 - 16.0018. januar kl. 09.15 - 15.1521. februar kl. 09.15 - 16.0022. februar kl. 09.15 - 15.1511. april kl. 09.15 - 16.0012. april kl. 09.15 - 15.15 Nettsamlingar7. februar2. mai

Studienivå

Lavere nivå

Studiepoeng

30

Semester

2

Opptakskrav

Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må vere tilsett i ei lærarstilling.

Informasjon om opptak

1. mars