Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Oppstart: 14. august
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: HING
Poenggrenser 2022:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 25
Søknadskode (SO): 203024

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

3. juni 2023.

Om studiet

Kvifor studere elektronikkingeniør?

Når elektronikken fungerer tenker du ikkje over den. Den gjer at døra blir opna når du brukar nøkkelkortet, eller at bilsetet stiller seg inn slik du ønskjer.

Elektronikken finn du i alt frå små detaljar til store system i samfunnet. Elektroingeniøren har kunnskap om korleis elektronikken i ulike system er bygd opp.

Gjennom studiet lærer du blant anna å

  • konstruere elektroniske system
  • lage kretskort
  • designe lydforsterkarar
  • programmere mikrokontrollarar og FPG

Ein bachelor i elektroingeniør med spesialisering i elektronikk, gir ei solid innføring i grunnleggande ingeniørfag, med særleg vekt på analog og digital elektronikk og software.

Elektronikk relatert til helse-, energi-, miljø- og havteknologi er viktige satsingsområde for denne ingeniørutdanninga.

Nokre fag er praktiske og konkrete, med stor vekt på kretskonstruksjon. Andre fag er meir teoretiske og systemorienterte og handlar om å forstå større system innan måleteknikk, tele- og datanett.

Du kan studere elektronikkingeniør på heiltid ved campus Bergen.

Studiets oppbygging

Ulike typar elektroingeniør

Elektronikk er ei av spesialiseringane du kan velje som elektroingeniør. HVL har også tre andre spesialiseringar du kan velje mellom, viss du vil bli elektroingeniør:

Korleis er undervisninga?

På elektroingeniørutdanninga vil undervisninga varierer mellom forelesingar, rekneøvingar, laboratoriearbeid, gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan vere målingar på enkeltkomponentar, praktisk drift av utstyr, eller simulering på datamaskin.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Mot slutten av studiet er det mogleg å dra på utveksling til ein av institusjonane i lista under.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1+R2 og Fysikk 1

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.

Les meir om våre forkurs her.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Ein elektroingeniør vil ofte samarbeide med fagfolk frå mange ulike fagfelt i større prosjekt, men må også ha evne til å arbeide sjølvstendig.

Dei viktigaste arbeidsområda er i verksemder innan

  • elektronisk- , elektroteknisk- og prosessindustri som utviklar, sel og/eller held ved like elektroniske målesystem, overvakingssystem eller kommunikasjonssystem
  • fiskeri- og havbruksnæringa
  • maritim og oseanografisk overvaking
  • oljebransjen

Lønn: Kva tener ein elektroingeniør?

Sjå kva ein elektroingeniør tener på utdanning.no sin lønnsstatistikk.

Utveksling

New Zealand | Auckland University of Technology (AUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591

Spania | Polytechnic University of Valencia (UPV) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=776

Alle utdanninger innen