Nøkkelinformasjon
Nivå
Semester
Studietempo
DeltidOm studiet
Dette er eit intensivt kurs i matematikk og fysikk som kvalifiserer deg til opptak til dei fleste ingeniørstudium i Noreg. Høg arbeidsinnsats saman med topp motivasjon er kravet for å lykkast i kurset!
Faga i kurset er fysikk og matematikk på nivå med vidaregåande skule, og samsvarer i hovudsak med Fysikk 1, Matematikk R1 og R2 . Undervisninga er i stor grad vinkla inn mot studentane si vidare ingeniørutdanning.
Realfagkurset følger "Nasjonal plan for eittårig forkurs for 3-årig ingeniørutdanning og integrert masterstudium i teknologiske fag og tilhøyrande halvårig realfagkurs" utarbeidd av Universitets- og høgskulerådet ved Nasjonalt råd for teknologi i 2014.
Undervisningsmåter
Vi har forelesingar, gruppearbeid, prosjektarbeid og laboratorieøvingar. Du får tett oppfølging gjennom heile året. Undervisninga er på dagtid, det er om lag 50 % belastning.
Arbeidsmengden tilsvarer 50 prosent av fulltidsstudium
Opptaksinformasjon
15. april 2020