Nøkkelinformasjon
Nivå
Lavere nivå
Studiepoeng
7.5
Studieform
Nettstøttet, samlingsbasertStudietempo
DeltidOm studiet
Denne videreutdanninga er for pedagogar i skule, barnehage og kulturfelt.
Emnet tar for seg:
- Dramatiske og performative uttrykksformar og formidling
- Teaterproduksjon med fokus på kollektive prosessar med barn og unge
- Fagdidaktiske strategiar med vekt på individuelle og kollektive utforskande, kreative og estetiske læreprosessar
Målgruppe
Pedagogar som arbeider med drama og teater som fag eller metode i skule, barnehage, kulturskule og frivillig kulturliv.
Samlingsdatoar
Samlingsdatoar for hausten 2022 kjem snart.
Vil du studere vidare?
Dette er eit av fleire frittståande emne som Institutt for kunstfag ved HVL tilbyr.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Tilrådde forkunnskapar: Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfeltet