Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studiepoeng:
180
Opptakskrav: HING
Poenggrenser 2022:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 25
Søknadskode (SO): 203028

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

11. april 2022.

Om studiet

Streamar du podcast på bussen eller tvitrar på hyttetur? Gjennom å studere cyberfysisk nettverkteknologi lærer du mykje om korleis det er mogleg.

Kvifor studere cyberfysisk nettverksteknologi?

Er du nysgjerrig på teknologien som held deg «online» heile dagen? Har du lyst til å vidareutvikle løysingar innan alt frå framtidas mobilnettverk, smarte private- og industrielle system til smarte omsorgstenester? Då bør du sjå nærare på kva dette studiet kan lære deg!

Cyberfysisk nettverksteknologi omfattar design, utvikling og drift av kommunikasjons- og datasystem. Ein cyberingeniør meistrar dei teknologiske utfordringane knytt til avanserte system som vert brukt i samfunnet, industrien og Forsvaret. Dette inkluderer mellom anna internett, mobilnett, og industrielle nettverk.

Som cyberingeniør får du moglegheit til å designe kommunikasjonsløysingar for sensornettverk eller bli driftsansvarleg for bedriftsnettverk. I studiet får du kunnskap om dei fysiske føresetningane for overføring av data, kjennskap til protokollar for svitsjing og ruting i nettverk, metodar for sikring av god tenestekvalitet og høg datasikkerheit.

Studiet dekkjer sentrale område innan nettverksteknologi, informasjonssystem, datakommunikasjon, samt sikring av data og infrastruktur. Studiet omfattar også element frå Cisco Networking Academy som gjer grunnlag for særs anerkjende internasjonale sertifiseringar som Cisco Certified Network Associate (CCNA), CCNA-Security (CCNA-Sec) og Cisco Certified Network Professional (CCNP).

Korleis er undervisninga?

Høgskulen har eit moderne kommunikasjonslaboratorium som er utgangspunktet for teoretisk og praktisk tileigning av kompetanse og kunnskap. Undervisninga er ofte ein kombinasjon av forelesingar og praktisk arbeid i klasserom og laboratorium.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir til vanleg utført i små grupper, og ofte i samarbeid med næringslivet.

Studiets oppbygging

Vil du studere meir?

Etter fullført studium får du graden bachelor i ingeniørfag. Dette gir deg høve til å søke opptak på mastergrader og vidareutdanningar innan ingeniørfag både nasjonalt og internasjonalt. Ved HVL kan du til dømes gå vidare på ein mastergrad i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping. 

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i løpet av studietida.

Om du ønskjer, kan det óg leggast til rette for å ta bacheloroppgåva i utlandet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, Matematikk R1+R2 og Fysikk 1

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Som ferdigutdanna cyberingeniør har du eit godt utgangspunkt for ei vellukka karriere. Ein cyberingeniør deltar i utviklinga av løysningar innan Internet of Things (IoT), moderne industriproduksjon, droneteknologi, autonome fartøy, med meir. Mange finn gode jobbar innan planlegging, drift og vedlikehald, både for operasjonell teknologi og informasjonsteknologi. Bedrifter innan alt frå industri, olje- og gassindustri, mobilnett, IKT, smarte heimar, miljøovervaking og helse/omsorg har bruk for deg som nyutdanna cyberingeniør.

Studiet gjer deg både eit godt teoretisk grunnlag og praktisk erfaring som gjer deg ettertrakta i ein framtidsretta marknad.

Dei siste ti åra er ei rekke kandidatar utdanna til spennande og relevante jobbar i Equinor, Telenor, Cisco, Siemens, TV2, ABB, Atea, Eltel, Avinor, Relacom, Norce og offentlege etatar som til dømes Helse Vest.

Utveksling

New Zealand | Auckland University of Technology | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591

Spania | Polytechnic University of Valencia | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=776

USA | San Diego State University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10462

Alle utdanninger innen