Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
NettstøttetStudietempo
DeltidOm studiet
Barnehagelærarutdanninga er ei profesjonsutdanning, men òg ei leiarutdanning. Du skal leia medarbeidarane dine og bidra til å auke kvaliteten i barnehagetilbodet. Du skal byggje på personalet sin kompetanse samstundes som du skal utfordre til vidareutvikling.
Arbeidet i barnehagen er prega av mykje spontanitet og glede. Her får du bruk for alt du lærar i utdanninga, både på det faglege og personlege planet. Du får moglegheit til å bruke din kompetanse i samspel med både barn og vaksne. Dagane er prega av mykje leik, glede og humor.
Barnehagelæraryrket er krevjande, men òg variert og spennande. Sjølv om du har mange samarbeidspartnarar som barnehagelærar, er det først og fremst barna som står i sentrum. Ikkje minst gir barna yrket «krydder og farge». Ingen dagar er like.
Undervisningsopplegg
Du har praksis kvart år heile studiet - 100 dagar totalt. Det er Høgskulen som finn praksisplass til deg og du får praksisplass i nærleiken av der du bur så sant det er godkjent praksis barnehage i ditt område. Du må berekna permisjon frå jobb i tilknyting til samlingar og praksis. Praksis andre og fjerde året kan gjennomførast i eigen barnehage under føresetnad av at det er barnehagelærarar med tilstrekkeleg rettleiarkompetanse. Studiet er arbeidsplassbasert. Det betyr at HVL inngår avtale både med student og barnehageeigar om praksis for heile studieforløpet. Dette for best mogeleg å sikre den faglege kvaliteten og læringsutbyttet til studenten.
Opptaksinformasjon
15. april
Videre studier
Det finst mange moglegheiter til å ta vidareutdanning. Bachelorutdanninga kan gi grunnlag for opptak til fleire mastergradsutdanningar ved HVL og andre institusjonar.
Karrieremuligheter
Med barnehagelærarutdanning kan du jobbe som barnehagelærar, støttepedagog, pedagogiskleiar og styrar i barnehagen. Du kan òg jobbe i andre barnerelaterte verksemder, som barnevernet eller administrative stillingar i kommunen.
Utveksling
Det er ikkje lagt til rette for studieopphald i utlandet.