Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidVelg alternativ
Sosialt arbeid, Bergen - søknadskode 203080
Opptakskrav
GENS
Poenggrenser 2020
- 49.00 (primær)
- 53.50 (ordinær)
Studieplasser
67
Søknadskode (SO)
203080
Sosialt arbeid, Sogndal - søknadskode 203081
Opptakskrav
GENS
Poenggrenser 2020
- 42.00 (primær)
- 47.60 (ordinær)
Studieplasser
48
Søknadskode (SO)
203081
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Utdanninga innan sosialt arbeid kvalifiserer deg til sosionom. Som sosionom arbeider du med menneske som treng støtte i ei vanskeleg livssituasjon.
Som sosionom møter du enkeltmenneske og familiar med ulike sosiale problem. Det kan vere ein familie som treng råd for å få kvardagen til å gå opp, ein innsett i fengsel som skal tilbake til samfunnet, eller ein person som har stått utanfor arbeidslivet lenge.
Som sosionom hjelper du med å finne løysingar som kan forbetre livskvaliteten, og gje hjelp til sjølvhjelp. Du er også eit viktig bindeledd mellom den enkelte og hjelpetilboda i samfunnet.
Du må vere interessert i andre menneske og deira historie, like å ta ansvar og vere samfunnsengasjert. Du må også ha gode evne til å kommunisere og samarbeide.
Gjennom studiet får du kunnskap om hjelpeapparatet, jus, samfunnsfag, psykologi, etikk og sosiale rettar.
I undervisninga får du varierte læringsformer som forelesning, prosjektarbeid, feltarbeid, ferdigheitstrening og praksis.
Undervisningsopplegg
I løpet av utdanninga møter du brukarar og andre kollegar innan sosialt arbeid når du er ute i praksis. Praksisstudiane utgjer om lag 20 prosent av studiet. Du har praksis både første og siste studieår. Slik er praksisperiodane fordelt:
- Første studieår: 10 veker i praksis
- Tredje studieår: 13 veker i praksis
Minst ein av praksisperiodane dine bør vere innan forvaltning eller saksbehandling.
Opptaksinformasjon
15. april
Videre studier
Du kan ta master- og vidareutdanning, og spesialisere deg innan et fagfelt du interesserer deg særleg for. Som ferdig utdanna sosionom kan du blant anna ta master i psykisk helse- og rusarbeid, i samfunnsarbeid, eller familieterapi og relasjon
Karrieremuligheter
Sosionomar er attraktive arbeidstakarar innan fleire område. Blant anna kan du jobbe innan:
- nav, kriminalomsorga og asylmottak
- familierådgiving, barnevern og skule
- psykisk helsevern og rusomsorg
- frivillige organisasjonar
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda mens du studerer! Som student i utlandet får du internasjonal erfaring og møter studentar frå heile verda.
Du kan reise på utveksling i ditt femte studieår.