Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Studietempo
HeltidOpptakskrav
GENS
Poenggrenser 2020
- 30.90 (primær)
- 39.00 (ordinær)
Studieplasser
97
Søknadskode (SO)
203404
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Med ein bachelor i økonomi og administrasjon får du ei solid og brei fagleg plattform, og du blir attraktiv på arbeidsmarknaden.
Utdanninga er tverrfagleg og yrkesretta. I tillegg til ein brei økonomisk og administrativ kompetanse, får du spisskompetanse innanfor ei fagretning du vel sjølv.
Du har fag innan
- bedriftsøkonomi og rekneskap
- leiing, organisasjon og administrasjon
- metode
- samfunnsøkonomi
- etikk, samfunnsansvar og berekraft
I 3. studieår vel du valemne og skriv bacheloroppgåve.
Undervisningsmåtar
Vi har forelesingar, diskusjonar, seminar og rekneverkstad. Du arbeider med oppgåver både individuelt og i grupper.
Opptaksinformasjon
15. april
Læringsutbytte
Dei emna som er inkludert i bachelorprogrammet skal samla bidra til at studentane oppnår følgjande læringsutbytte på programnivå, satt opp i form av kunnskaper, ferdigheter og generell kompetanse:
KUNNSKAP
Kandidaten:
- har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innafor det økonomisk-administrative fagområdet, deriblant:
- korleis kapitalmarknadene og verdipapir fungerer, korleis verksemder vert finansiert, korleis investeringar vert vurdert
- korleis økonomiske styringsverktøy vert brukt og korleis rekneskap vert utarbeida, rapportert og analysert
- korleis verksemder utviklar og iverkset strategiar, korleis dei vert organisert og leiia, samt korleis produkt og tenester vert marknadsført og posisjonert.
- korleis marknaden fungerer, korleis konsumenter og produsenter gjer sine val og korleis desse vert påverka av økonomisk politikk, teknologi og internasjonale rammevilkår
- korleis verkesemder vert starta, utvikla og endra i tråd med behov, juridiske rammer og forventninger i samfunnet, slik som til dømes berekraft, globalisering, innovasjon og teknologiutvikling, samt den nordiske arbeidslivsmodellen si verknad for arbeids-og næringsliv
- korleis verksemder utøver sin aktivitet på ein etisk forsvarlig måte slik at dei ivaretar sine interessentar og samtidig fremmer FN sine berekraftsmål
- har grunnleggjande kunnskap i matematikk, statistikk og samfunnsvitskapelig metode, samt forstår korleis metodiske verktøy vert brukt i samband med innhenting, organisering og analyse av data.
- kjenner til fagområda sin historie, tradisjonar, egenart, plass i samfunnet, samt forsnings-og utviklingsarbeid
FERDIGHETER
Kandidaten:
- kan nytte faglig kunnskap og relevante resultat fra forsknings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og grunngje sine val, deriblant:
- innhente, sortere og vurdere relevant informasjon
- analysere økonomisk-administrative problemstillingar ved hjelp av egna teori og empiriske metodar
- gjere ei kritisk vurdering av usikkerheit ved eigne analyser
- evnar å kommunisere innhold i analyser, metodevalg, resultater og forutsetninger både muntlig og skriftlig
- kan nytte arbeidslivsrelevante digitale verktøy, teknikker og uttrykksformer
- kan vurdere ulike typer risiko og konsekvensar av slutningar
- kan nytte ulike faglige perspektiv og teoretiske tilnærmingar for å forstå korleis verksemdar fungerer
- kan integrere ansvarlighet og berekraftshensyn i verksemda sin forretningsmodell og praksis
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten:
- er medviten sine eigne verdiar og korleis desse verkar inn på eigen aktivitet og slutningar
- viser evne til ansvarlighet, kritisk tenkning og etisk refleksjon
- forstår korleis problemstillingar, prosessar og slutningar verkar inn på ressurser, kontekst og verdisett
- har grunnlag for å gje innspel til langsiktig verdiskaping for virksomhet og samfunn
- har grunnlag for å operere i ein internasjonalt arbeidsmarknad
- kan samarbeide i ulike kontekster og på tvers av fagområde
- har grunnleggjande forståelse av IT- systemer og -prosessar, og korleis desse kan bidra til forretningsutvikling og verdiskaping
- skal kunne bidra til å fremje verksemdas innovasjons- og omstillingsevne i ein omskifteleg arbeidsmarknad.
Videre studier
Utdanninga kvalifiserer både direkte til arbeidslivet og til vidare studium på masternivå. Du kan ta relevante masterutdanningar ved HVL (for eksempel master i innovasjon og leiing e
Karrieremuligheter
Etter fullført utdanning kan du jobbe som fagperson eller rådgivar innan mellom anna bank og forsikring, shippingrelatert verksemd, forretningsverksemd eller offentleg forvaltning.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.