Bachelor i nautikk favoritt ikon

Universitet og høgskole
Med bachelor i nautikk og fullført fartstid som kadett er du attraktiv både som dekksoffiser om bord i alle typar skip lokalt, nasjonalt og internasjonalt, og i den landbaserte delen av maritim verksemd.

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Søknadsfrist

15. april 2019

Studiepoeng

180

Semester

6

Om studiet

Nautikkutdanninga er solid forankra i ei av dei sterkaste maritime klyngene i Noreg. Utdanninga er godkjent av Sjøfartsdirektoratet i tråd med internasjonalt regelverk (STCW) og gir deg det teoretiske grunnlaget for å kunne løyse uavgrensa dekksoffiserssertifikat (D1).

Du lærer å

  • planlegge og gjennomføre ein seglas i ulike farvatn, og bruke ulike instrument og system knytt til dette
  • administrere og leie mannskapet om bord
  • utføre oppgåver om bord på ein trygg måte for mannskapet, skipet og omgjevnadane
  • sikre trygg lasting, transport og lossing av last
  • planlegge og vurdere risiko

Etter 2. studieår er du ferdig med hovuddelen av sertifikatfaga, og kan fylle ut ein stor del av punkta i WebCadet, som er administrasjonssystemet for sertifikatretta opplæring om bord.

I siste studieår har du nokre obligatoriske emne, men i hovudsak vel du sjølv innhaldet (sjå studieplanen). I haustsemesteret er det mogleg å reise ut i praksis hos eit av reiarlaga HVL samarbeider med.

Undervisningsopplegg

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, simulatorøvingar, praktiske øvingar, oppgåveløysing, gruppearbeid og bedriftsbesøk. Du har forelesarar med god kjennskap til bransjen, og fleire seglar framleis som dekksoffiserar. Slik sikrar vi at dei teoretiske perspektiva står i samanheng med verkelegheita.

I nokre emne er undervisningsspråket engelsk. Dette gir deg eit godt språkleg grunnlag for framtidig jobb i ein internasjonal bransje, der engelsk er arbeidsspråk i mange samanhengar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, bestått toårig teknisk fagskule eller eittårig forkurs.

 

Det er ein fordel å ha forkunnskapar i matematikk og fysikk, men dette er ikkje eit krav for å få opptak.

 

Dekkjer du ikkje opptakskravet?

Manglar du generell studiekompetanse, men har fagbrev som matros eller fiskar? Då kan du søke opptak til nautikk gjennom y-vegen!

Informasjon om opptak

15. april

Karrierevegar

Etter fullført utdanning dekkjer du det teoretiske grunnlaget for å kunne løyse sertifikat som dekksoffiser. Du må i tillegg fullføre nødvendig fartstid som kadett før du kan søke om ditt første dekksoffisersertifikat.

Vi har forpliktande samarbeidsavtalar med mange lokale reiarlag. Dette gjer at du kjem tett på den maritime næringa i ei tidleg fase av studiet, og våre ferdigutdanna studentar er dei første som blir vurdert for kadettjobbar i desse reiarlaga.

Partane i avtalen med HVL er Fagskulen Rogaland avdeling Karmsund, Haugesund rederiforening, Maritimt opplæringskontor SørVest, Solstad Offshore, Østensjø rederi, DOF, Eidesvik Offshore, Knutsen O.A.S. shipping, Simon Møkster shipping og Gulf Mark. I tillegg deltek Odfjell shipping på dei årlege intervjudagane på HVL, kor reiarlag intervjuar søkjarar til kadett- og sommarjobbar på campus Haugesund.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i Nautikk

Tilbys ved:

  • Haugesund

Informasjon fra Samordna Opptak

Opptakskrav

Poenggrenser 2019

36.80 (primær)
43.30 (ordinær)

Studieplasser

38

Søknadskode (SO)

203353