Bachelor i Maritime Management favoritt ikon

Universitet og høgskole
Maritime Management er spesialtilpassa deg som har to-årig maritim fagskule. Dersom du har gjennomført maritim teknisk fagskule med fordjuping dekksoffiser på leiingsnivå eller maskinoffiser på leiingsnivå, er dette utdanninga for deg!

Studienivå

Bachelor, 3 år

Organisering

  • Undervisning ved lærestedet

Studiepoeng

180

Semester

8

Om studiet

Studiet er eit samarbeid mellom Universitetet i Sørøst-Norge, NTNU, UiT Norges arktiske universitet og Høgskulen på Vestlandet, og startar som ein pilot hausten 2019.

Innhaldet i studiet er utarbeidd på bakgrunn av innspel frå maritimt næringsliv frå heile landet og tidlegare fagskuleutdanna.

Gjennom studiet lærer du om

  • informasjonsteknologi i den maritime sektoren
  • økonomi og logistikk
  • organisasjon og leiing
  • risiko- og kvalitetsleiing
  • prosjektleiing
  • forskingsmetode og akademisk skriving

I 4. studieår vel du i hovudsak sjølv innhaldet gjennom valemne (sjå studieplanen), og i siste semester skriv du bacheloroppgåve.

Studieprogrammet går på deltid, og er tilpassa deg som er i jobb.

Undervisningsopplegg

Studiet er samlingsbasert, med to samlingar á 4-5 dagar i kvart semester. Samlingane vil bli fordelt tilnærma likt på kvar av dei fire utdanningsinstitusjonane.

Undervisninga vekslar mellom forelesingar, seminar, praktiske øvingar, ulike former for individuelt arbeid og gruppearbeid, bedriftsbesøk, rettleiing med meir. Mellom samlingane er det lagt opp til sjølvstudium.

Før, mellom og etter samling vil du ha kontakt med emneansvarleg, forelesarar og medstudentar ved hjelp av ulike digitale verktøy.

Opptakskrav

Fullført og bestått toårig maritim teknisk fagskule, med fordjuping dekksoffiser eller maskinoffiser, på leiingsnivå.

Fritak

Søkarar med oppnådd vitnemål etter 1. juli 2013 får fritak for 60 studiepoeng, som utgjer første studieår. Søkarar med vitnemål frå før 1. juli 2013 vil bli vurdert individuelt, og må få fritak for 60 studiepoeng (som utgjer første studieår) for å vere kvalifisert.

Informasjon om opptak

15. april

Læringsutbytte

KUNNSKAP:

Kandidaten

  • Har brei kunnskap om maritim IT og ulike grader av automatisering
  • Har brei kunnskap om systema om bord, deira styrker og manglar, og utfordringar knytt til IT-tryggleik
  • Har brei kunnskap om maritim økonomi og logistikk
  • Har brei kunnskap om risikostyring og kvalitetsleiing
  • Har brei kunnskap om organisasjon og leiing, inkludert prosjektleiing
  • Har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innan maritim management
  • Er kjent med forskings- og utviklingsarbeid knytt til maritim management
  • Kan oppdatera kunnskapen sin innan fagområdet, mellom anna gjennom litteratursøk, kontakt med ulike fagmiljø og revisjon av eigen praksis
  • Har eit heilskapleg perspektiv på maritim management, og kjennskap til den maritime næringa si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
  • Har grunnleggjande kunnskap om innovasjonsprosessar som medverkar til utvikling av maritim næring

 

FERDIGHEITER:

Kandidaten

  • Kan sjå dei ulike fagområda under maritim management i samanheng, og kan på denne måten nytta kunnskap, ferdigheiter og kompetanse frå fleire områder på ei problemstilling
  • Kan gjere nytte av teknisk IT-kompetanse til å medverke til å sikra ulike system
  • Forstår dei ulike systema om bord, deira styrker og manglar, og kjenner til utfordringar knytt til IT-tryggleik
  • Kan leie eit prosjekt og nå målsettingane for prosjektet i tråd med budsjettramma
  • Forstår oppbygginga av organisasjonar, og kan nytta relevante organisasjons-, motivasjons- og leiingsverktøy
  • Kan nytta fagleg kunnskap frå maritim management og grunnlagsfag, eigne erfaringar og relevante resultat frå forsking og utvikling, på praktiske og teoretiske problemstillingar og ta grunngjevne val
  • Kan reflektere over eiga fagleg utøving og justere denne under rettleiing
  • Kan finne, vurdere og vise til informasjon og fagstoff og leggje dette fram på ein måte som synleggjer ei problemstilling knytt til maritim management
  • Kan nytte relevante faglege verktøy, teknikkar og uttrykksformer frå maritim næring

 

GENERELL KOMPETANSE:

Kandidaten

  • Har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar innan tema som maritim IT, organisasjon og leiing, prosjektleiing, risikostyring og kvalitetsleiing
  • Kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekk seg over tid, åleine og som deltakar i ei gruppe, i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar til ulike målgrupper både på engelsk og norsk
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn frå fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
  • Kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar i det maritime fagfeltet
  • Har utvikla eit grunnlag for utvikling av analytisk evne og vilje, og tileigna eg teoretisk kunnskap til å fortsetje med studiar på masternivå i inn- og utland

 

Sjå emneskildringane for utfyljande informasjon om emna som inngår i studieprogrammet

 

 

 

Karrierevegar

Fullført utdanning, gjerne kombinert med sjøoffisersertifikat, gjer deg attraktiv som sjøoffiser om bord i alle typar skip lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Du vil også vere attraktiv i den landbaserte delen av den maritime verksemda.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for eit studieopphald i utlandet i siste studieår.

Du kan blant anna reise til:

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i Nautikk