Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Studietempo
HeltidOm studiet
Produksjonsteknikk gir tverrfagleg kompetanse innan teknologi, verdiskaping og administrasjon. Ein ingeniør med denne utdanninga kan bidra til å utvikle, tilpasse og innføre både tekniske og administrative løysingar i takt med skiftande tilhøve i og utanfor verksemda.
Studieprogrammet tek ikkje opp nye studentar i 2021.
Produksjonsingeniøren har ei viktig rolle for at arbeidsplassen
heng med på utviklinga. Innan produksjonsteknikk får studenten
høve til å heve blikket og ikkje berre sjå på teknikk og
detaljar, men óg på dei overordna kringliggande prosessane som
til dømes logistikk og leiing.
Om du vel produksjonsteknikk, får du både kommersiell og
teknologisk ballast. Utdanninga legg vekt på maskintekniske fag,
produksjon og tilverknad, prosjektleiing, innovasjon og
produktutvikling, marknadsføring, logistikk, innkjøp og
vedlikehald.
Utdanninga har eit nært samarbeid med industrien i regionen.
Vestlandet er den mest industritunge regionen i Noreg, med eit
kontinuerleg behov for dyktige ingeniørar.
Undervisningsmåter
Den raske utviklinga av ingeniøren sine arbeidsverktøy pregar utdanninga. Som student får du ta i bruk ulike dataverktøy.
Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå emne til emne. Det er førelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppe- og laboratoriearbeid er det obligatorisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.
Opptaksinformasjon
15. april (Ikkje opptak i 2021)
Karrieremuligheter
Utdanninga tar utgangspunkt i grunnleggjande fag innan
maskinteknikk, og kvalifiserer difor til fleire av dei klassiske
maskiningeniørjobbane. Vidare gir utdanninga kompetanse som blir
krevd ved dagleg drift og leiing av bedrifter i dei fleste
bransjar.
Ingeniørar med utdanning innanfor produksjonsteknikk er
kvalifiserte for ei rekke utfordrande oppgåver, nasjonalt og
internasjonalt. Du kan få jobb innanfor private og offentlege
verksemder, verkstadindustri, prosessindustri, landbasert og
offshorerelatert industri, samt i rådgjevande verksemder.
Jobbane kan omfatte ei heil rekke ulike oppgåver, til dømes
produksjon, produksjonsleiing, kvalitetsleiing,
vedlikehaldsleiing, produktutvikling og design, forsking og
utvikling, prosjektleiing, sal og marknadsføring, innkjøp og
logistikkrelaterte oppgåver.
Utveksling
Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ynskjer det. Du kan mellom anna reise på utveksling til ulike institusjonar i Europa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand.