Nøkkelinformasjon

Studiested

Bergen

Nivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180.00

Semester

6

Studietempo

Heltid

Opptakskrav

HING

Poenggrenser 2020

  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)

Studieplasser

35

Søknadskode (SO)

203009

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

Er du opptatt av miljøutfordringane vi står overfor? Likar du realfag og teknologiske fag? Då kan utdanninga Miljøteknologi og industriell kjemi vere noko for deg!

Korleis kan vi utnytte naturressursane våre utan å skade naturen? Som kjemiingeniør kan du vere med på å finne gode løysingar for ei berekraftig utvikling.

Her lærer du om

  • kjemi som er læra om stoff, deira eigenskapar, samansetjing og reaksjonar
  • korleis kjemi bidreg til å løyse utfordringar både for oss i kvardagen, i industrisamanheng og i eit miljøperspektiv
  • bruk og handtering av kjemikaliar
  • oppbygging, verkemåte og drift av industrielle prosess- og produksjonsanlegg
  • moderne laboratorieinstrumentering
  • miljøanalysar
  • reinseteknologi
  • bruk av datateknologi

Studieprogrammet miljøteknologi og industriell kjemi er utvikla i samarbeid med næringslivet, noko som gjer at du blir godt rusta for yrkeslivet.

Miljøteknologi og industriell kjemi har fokus på korleis du reduserer eller hindrar forureining allereie ved kjelda. Sentrale tema er fornybare råmateriale, bruk av miljøvennlege kjemikaliar og avfallsreduksjon. Du vil også lære om dei generelle trinna i kjemisk analyse, som til dømes miljøanalysar, samt sentrale analyseteknikkar. Du får dermed kunnskap om prøvetaking, prøvebehandling, moderne analysemetodar og kvalitetssikring av analyseresultat. Fleire av emna fokuserer på industrielle prosessanlegg og korleis dei verkar. Du lærer om separasjon og reinseteknologi samt varmetransport og varmeoverføringsprosessar. I tillegg får du ei innføring i korleis prosessar blir overvaka og styrt via datakommunikasjon.

Undervisningsmåtar

Allereie frå første semester vil du få kontakt med industri- og næringsverksemd gjennom prosjektarbeid, ekskursjonar og gjesteforelesingar. Du får praksisnær undervisning i klasserom og ferdigheitstrening i nye, flotte laboratorium. Du får bruke ny, relevant og til dels avansert instrumentering. Det blir også lagt stor vekt på laboratorieøvingar og utrekningar ved bruk av dataprogram der du får prøve ut problemstillingar frå teoriundervisninga. Dei praktiske øvingane blir ofte utført i grupper.

Du kan velje spennande valfag der du får praksis i ei lokal bedrift.

I siste studieår skal du gjennomføre ei bacheloroppgåve (prosjektoppgåve) i samarbeid med medstudentar. Bacheloroppgåva kan utførast internt ved Høgskulen på Vestlandet eller eksternt i ei bedrift. Du kan også ta bacheloroppgåva i utlandet.

Opptaksinformasjon

15. april

Videre studier

Ei bachelorutdanning innan studieprogrammet miljøteknologi og industriell kjemi dannar grunnlag for at du enkelt kan søke på ulike mastergradstudium ved andre utdanningsinstitusjonar, eller på ein master ved Høgskulen på Vestlandet.

Karrieremuligheter

Studieprogrammet miljøteknologi og industriell kjemi gir ei brei og allsidig utdanning som er etterspurd i næringslivet.

Arbeidsoppgåvene kan omfatte

  • planlegging av laboratoriearbeid eller prosjektering av prosess- og produksjonsanlegg ved bruk av dataprogram
  • installasjon, oppstart, drift og vedlikehald av anlegg og analyseinstrument
  • produksjon, samt kontroll av råvarer og ferdige produkt
  • kjemiske analysar i analyselaboratorium og kvalitetskontroll av analyseresultat
  • feltarbeid, til dømes miljøovervaking
  • arbeid med helse, miljø og sikkerheit (HMS )
  • undervisning, forsking og utvikling

Du vil finne relevante jobbar i

  • ingeniør- og energiselskap
  • laboratorieselskap som tilbyr kjemiske analysar
  • selskap som er leverandørar av kjemikaliar, utstyr og instrument
  • prosessindustri samt næringsmiddel- og legemiddelindustri
  • stat eller kommune innan til dømes vatn og avløp samt avfallshandtering
  • havbruksnæringa

Utveksling

Gjennom samarbeidsavtalar er det er lagt til rette for at du kan ta 6. semester ved ein utdanningsinstitusjon i Europa, Afrika, Asia eller Australia.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag

Alle utdanninger innen