Nøkkelinformasjon
Nivå
Studiepoeng
Semester
Organisering
Undervisning ved lærestedetStudietempo
HeltidOpptakskrav
HING
Poenggrenser 2020
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Studieplasser
130
Søknadskode (SO)
203003
Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.
Om studiet
Byggingeniøren set spor etter seg, i form av bruer og oljeplattformer, bygningar og byar.
Ein byggingeniør arbeider med fysisk og teknisk planlegging, samt prosjektering av nye bygg og anlegg. Andre viktige arbeidsoppgåver er forvalting, drift og vedlikehald av eldre bygg og anlegg.
Merk deg at HVL tilbyr utdanningar innan fagområdet ved fleire studiestadar, og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.
Utdanninga består i hovudsak av tekniske fag, realfag og noko samfunnsfag. I tillegg til dei obligatoriske faga kan du velje mellom ulike valfag.
Frå 4. studiesemester kan du velje å spesialisere deg innan ei av tre studieretningar:
Konstruksjonsteknikk
Miljø, plan og infrastruktur
Prosjekt- og byggeleiing
Den avsluttande bacheloroppgåva blir som regel utført i grupper på tre til fire personar. Oppgåva er ei konkret arbeidsoppgåve og blir ofte skriven i samarbeid med bedrifter.
Undervisningsopplegg
Studentar som vel studieretninga prosjekt- og byggeleiing får 6 veker obligatorisk praksis i begynninga av 5. semester.
Opptaksinformasjon
Søknadsfrist 15. april
Karrieremuligheter
Byggingeniørar arbeider med planlegging og prosjektering hos rådgivande ingeniørar, i entreprenørfirma, private eigedomsfirma og eigedomsforvaltarar og i kommunane. Eksempel på offentlege verksemder som spør etter denne kompetansen, kan vere Statens vegvesen og BaneNord. Alle studieretningane er høgst relevante for jobbar i privat næringsliv.
Mange byggingeniørar blir prosjekt- eller byggeleiarar etter kvart. Dette krev sjølvsagt teknisk kunnskap, men også sosial kompetanse og menneskekunnskap.
Utveksling
Utdanninga har utveksling til dei andre landa i Norden, i tillegg til Canada, Austerrike, Spania, Australia, USA og Belgia. Nokre studentar vel å skrive bacheloroppgåva i utlandet i 6. semester. Det er også mogleg å reise ut for å ta kurs på utanlandske universitet i 4. eller 5. semester.