Nøkkelinformasjon

Image
Image

Studiested

Haugesund

Nivå

Bachelor, 3 år

Studiepoeng

180.00

Semester

6

Organisering

Undervisning ved lærestedet

Studietempo

Heltid

Opptakskrav

HING

Studieplasser

30

Søknadskode (SO)

203090

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

Ein automatiseringsingeniør kan konstruere, drifte og vedlikehalde automatiserte system. Dette er system som hentar data frå sensorar, og som overvaker, styrer og regulerer prosessar etter bestemte reglar og mål.

Ein ingeniør med utdanning innan automatisering med robotikk er godt rusta til å identifisere driftsproblem og finne løysingar på desse.

Utdanninga i automatisering gir ei god innføring i grunnleggande ingeniørfag, som generelle datafag, elektrofag, instrumentering og programmering av mikroprosessorar og programmerbar logisk styring (PLS). Studiet gir deg kunnskapar innanfor fagfeltet automatisering, med særleg vekt på instrumentering av større system, teoretisk og praktisk reguleringsteknikk, PLS-programmering, industrielle datasystem og industriell kommunikasjon.

Undervisningsopplegg

Vanlege arbeidsformer er forelesningar, rekneøvingar og laboratoriearbeid, og det blir både gruppearbeid og sjølvstudium. Laboratorieoppgåvene kan omfatte målingar av komponentar og prosessvariabler, simulering på datamaskin samt praktisk styring og regulering av industrielle prosesser.

Den avsluttande bacheloroppgåva blir vanlegvis utført i grupper på 2-4 personar. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.

Opptaksinformasjon

15. april

Karrieremuligheter

Dei viktigaste arbeidsområda for ein automatiseringsingeniør er olje-/prosessindustri, elektronikk-, data- og kommunikasjonsindustri. Mange arbeider også med dagleg drift i verksemder med automatiserte materialbehandling-, prosessar- og/eller driftsanlegg.

Utveksling

Utdanninga samarbeider med institusjonar i Sveits, Spania, USA, Canada og New Zealand.

Kvalifikasjon/tittel

Bachelor i ingeniørfag